Hopp til hovedinnald

Som student får du 40 prosent på alle periodebillettar dersom du er under 30 år. For meir informasjon rundt vilkår for studentrabatten, finn du ved å klikke deg vidare til denne sida.
Viss du er student under 20 år, anbefaler vi å kjøpe ungdomsbillett. Denne kan brukast av  alle mellom 16 og 20 år, og gjeld for heile fylket.

Appar

For å komme seg raskt og enkelt rundt anbefaler vi alle å ha appane Skyss Reise og Skyss Billett. Med Skyss Reise kan du enkelt finne kollektivtilbod rundt deg. Last ned appen og gjer deg kjend med dei nye bussane dine.
Ved å kjøpe periodebillett i Skyss-appen kan du enkelt hoppe på og av som du vil innanfor di sone.
Her kan du lese meir om sonestrukturen i Vestland fylke.
Du finn meir informasjon om billettypar og betalingsmetodar her.

Student i Bergen?

Nattavgangar

Under fadderveka, veke 33, vil linje 12 Montana – Lønborglien og 16E Nesttun – Øyjorden bli styrkt med ekstra nattavgangar. Dette tilbodet supplerer Bybanen, men vil òg dekke område som til dømes Møllendal.

Linjer og avgangar

Dei største bydelane i Bergen er dekte med linjer med hyppigare avgangar. Desse linjene –3, 4, 5 og 6 – går frå bydelane og inn til sentrum kvart 10. minutt. I rushtida er avgangane hyppigare.
Bybanen går per i dag mellom Bergen sentrum og Bergen Lufthavn, der banen har avgangar kvart 5. minutt i rushtida. I november opnar ein ny trasé for Bybanen som vil gå frå Bergen sentrum til Fyllingsdalen terminal via Møllendal, Haukeland sjukehus og Krohnsminde.

Klikk deg inn her for å sjå kart over linjer og terminalar.

 

Publisert:

Oppdatert: