Hopp til hovedinnald

Frå og med 20. juni blir Nordhordlandsbåten mellom Bergen - Frekhaug - Knarvik inkludert i sone A og prisa på same måte som buss, bybane og Askøybåten. Billettar for sone A bli dermed gyldige på båten. 

Endringa vil gi svært mykje billigare billettar for dei båtreisande. Ein 30-dagarsbillett for vaksen på Nordhordlandsbåten kostar i dag 1420 kroner, medan den nye billetten vil koste 755 kroner og inkludere reiser med Askøybåten, Bybanen og buss i heile sone A.

For dei som har brukt kombinasjonsbillett for båten pluss buss og bybane i sone A, blir prisen mykje billigare. I dag kostar kombibillett 30 dagar for buss i sone A kombinert med Nordhordlandsbåten 2175 kroner for vaksen. Ny pris blir altså 755 kroner. 

Ein enkeltbillett med båten kostar 58 kroner for vaksen, og ny pris blir 40 kroner.  

Ved overgang til soneprising, kjem det også nokre andre endringar:  

Andre billettypar  
Ved overgang til sone vil tur-retur-billetten forsvinne, medan 24-timarsbillett vil kome inn som ny billettype. Du kan kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett om bord, i tillegg til periodebillettar (7, 30 eller 180-dagar) dersom du har Skysskort.

Enkeltbillettar er gyldige i 90 minutt for ei sone, og blir gyldige i ytterlegare 30 minutt for kvar ekstra sone billetten gjeld for.  Billettar kan du også kjøpe i appen Skyss Billett og i nettbutikken på skyss.no, der du vel sone A.

Sykkel er framleis gratis å ta med om bord.   

Aldersgrenser og reglar for rabatt  
Aldersgrensa for barn på Nordhordlandsbåten vil frå og med 20. juni vere frå 6 år til og med fylte 18 år. Kategorien vaksen gjeld no frå og med 18 år. Elles er passasjerkategoriane som før.   

Studentar får ikkje lenger rabatt på enkeltbillettar, men får framleis 40 prosent rabatt på periodebillettar. 

Familierabatt – ny rabatt
Med familierabatt kan ein reisande over 18 år med gyldig billett ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år, gratis. Familierabatten gjeld berre på laurdagar, søndagar og offentlege fridagar.  

Rabatten gjeld på: Buss, Bybanen, Askøybåten, Nordhordlandsbåten, Florabassenget, Kaupanger kai - Frønningen og Eidesvik - Espevær.

Grupperabatt  
Det blir frå og med 20. juni gitt 17 prosent rabatt for vaksen når 10 eller fleire reiser saman på enkeltbillett.

Kontanttillegg   
I sone A må reisande betale kontanttillegg når dei kjøper enkeltbillett kontant om bord. Kontanttillegget er 20 kroner for vaksne og 10 kroner for barn og honnør. Det er ikkje tillegg ved betaling med bankkort om bord.    

Refusjon av billettar  
Reisande med gyldig periodebillett på Nordhordlandsbåten eller kombinasjonsbillett buss/Nordhordlandsbåten kan velje mellom å bruke billetten ut perioden eller søke om refusjon. Merk at billettar for Nordhordlandsbåten kjøpt før 20. juni, gjeld berre for Nordhordlandsbåten og ikkje andre kollektivtilbod.    

Meir informasjon om refusjon finn du her.

Publisert:

Oppdatert: