Hopp til hovedinnald

Alle busslinjer til/frå og i Florø har start og slutt på Florø terminal.Florø rutebilstasjon er lagd ned.

På den nye terminalen finn du alle reisetilboda for buss og båt samla på same stad. Det er også lagt til rette med eigne område for drosje, parkering, sykkelparkering og kyss-og-køyr. På venterommet i terminalbygget er det toalett, bagasjeoppbevaring og skjermar med avgangsinformasjon. 

Busslinjene har avgang frå perrongane A, B og C. Båtar i Florabassenget og Kystvegekspressen brukar dei same kaiene som før, der desse no er merka med D, E og F. Ekspressbåtrutene til Bergen og Selje brukar som før kaia på nordsida, merka med H.

Busslinjene brukar følgande perrongar:

Perrong A:

  • Linje 250 Eikefjord – Naustdal – Førde

Perrong B:

  • Linje 101 Eikefjord – Hyen – Sandane
  • Linje 254 Norddalsfjorden
  • Linje 260 Svelgen – Davik

Perrong C:

  • Linje 251 Bybuss 1 Florø lufthamn – Brandsøy
  • Linje 252 Bybuss 2 Florø lufthamn
  • Linje 252 Bybuss 2 Torvmyrane
  • Linje 253 Arbeidsrute

Skulebussar om morgonen skal bruke perrong B.

Last ned terminalkartet her.