Endringar for kollektivreisande i Bergen frå 21. november
Når bybanelinje 2 opna, tilpassa vi bussruter for å styrke det samla kollektivtilbodet i regionen. Du finn all informasjon om endringane frå og med måndag 21. november her.

Når den nye bybanelinja opnar mellom sentrum, Haukeland sjukehus og Fyllingsdalen terminal, fell endå fleire brikker på plass i det store nettverket av transporttilbod i Bergen og omland. Vi justerer busslinjene rundt Bybanen for å gi eit samla betre kollektivtilbod.
Linje 2 mellom sentrum og Fyllingsdalen terminal
Med nye linje 2 blir det lettare å reise kollektivt til Haukeland Universitetssjukehus og området rundt. Bybanelinje 2 vil ha avgang kvart 7.–8. minutt i rushtidene. Busslinjene 5, 6, 12 og 16E vil også halde fram. Dermed blir Haukeland sjukehus eit endå meir sentralt knutepunkt for deg som reiser kollektivt. Med stopp ved Kristianborg, på Mindemyren og Kronstad blir linje 2 ein ny reiseveg mellom Fyllingsdalen og Bergensdalen.
Nye effektive knutepunkt
Andre haldeplassar som blir viktige knutepunkt etter omlegginga, er Fyllingsdalen terminal, Kristianborg, Kronstad, Bergen busstasjon, og –ikkje minst– sentrumshaldeplassane Byparken og Kaigaten. Knutepunkta er ein sentral del av det samla kollektivtilbodet, og med linjeomlegginga rundt bybanen til Fyllingsdalen legg vi til rette for endå fleire gode bytemoglegheiter, både mellom buss og bane, og mellom dei to bybanelinjene. Til saman vil om lag 8 000 fleire innbyggarar kunne nyte godt av «nettverkseffekten», med avgangar kvart 10. minutt. Dette gjer vi for at du som reisande skal unngå lange ventetider i kollektivnettverket.
Les gjerne meir om knutepunkta her.
Det nye rutetilbodet
Når vi no bygger inn linje 2 i det øvrige kollektivtilbodet, fører det til justeringar i bussruter i Fana, Ytrebygda og Bergen vest. Ei anna synleg endring er at bybanelinje 2 tek over for ei rekke direktelinjer til og frå Haukeland sjukehus. Elles gjer vi også mindre justeringar i linjenettet for å få til ei betre tilpassing til dei store reisestraumane og sikre dei reisande meir effektivt og heilskapleg kollektivtransport. Enkelte linjer blir slått saman, nokre får litt endra trasé, medan andre får fleire avgangar.
Det nye linjekartet for Bergen, som gjeld frå 21. november, finn du her.
Dette er endringane frå 21. november:
Linje 2 Fyllingsdalen terminal–Bergen sentrum
Den nye bybanelinja mellom Fyllingsdalen og sentrum stoppar på følgjande haldeplassar:
Kaigaten – Nonneseter – Bystasjonen – Fløen – Haukeland sjukehus – Kronstad – Mindemyren – Kristianborg – Fyllingsdalen terminal
Linje 2 vil gå kvart 7.–8. minutt i rushtidene. Linje 2 har eigne stopp-perrongar i sentrum, unnateke ved Nonneseter. Dette stoppet er felles for linje 1 og 2, og reisande må difor vere ekstra årvakne ved reiser frå haldeplassen.
Det er verdt å merke seg at det ikkje er korrespondansar mellom buss og bane. Likevel vil hyppige avgangar gjere det enkelt og effektivt å byte mellom buss og bane på dei ulike knutepunkta. Det er også litt gangavstand mellom bybanestoppet og busstoppa på Fyllingsdalen terminal. Vi anbefaler derfor reisande å berekne god tid ved overgangar.
Frekvens
Linje 2 vil ha avgang kvart 7.–8. minutt i rushtida.
Reisetider
- Fyllingsdalen terminal–Kaigaten (sentrum): 15 minutt
- Fyllingsdalen terminal–Haukeland sjukehus: 8 minutt
- Bergen busstasjon–Haukeland sjukehus: 5 minutt
Linje 14 Fyllingsdalen terminal–Bergen busstasjon
I dag er linje 14 berre eit rushtidstilbod mellom Bønes og sentrum, via Fjøsanger. No blir denne forlenga til og frå Fyllingsdalen terminal. Busslinja får fleire avgangar, og vil heretter gå heile dagen, ikkje berre i rushtida. Linje 14 erstattar dagens linje 25 på strekninga mellom Fyllingsdalen og Bønes/Kråkenes. Denne vil også ha avgangar laurdag og søndag.
Frekvens: Linje 14 vil ha avgang kvart 10. minutt i rushtida. Elles går bussen ca. kvart 30. minutt på kvardagar.
Sentrale bytepunkt: Reisande med linje 14 kan byte til bybane ved Kristianborg, og til bybane eller buss ved Fyllingsdalen terminal.
Godt å vite! Saman med linje 15, vil linje 14 gi Bønes betre tilgang til Fyllingsdalen og kopling til Danmarksplass/Bergen Busstasjon heile dagen. Linje 2 gjer også at reiser på tvers i Bergensdalen, mot Haukeland og Landås blir meir effektive.
KartReiseplanleggar
Linje 20 Storavatnet terminal–Haukeland sjukehus–Nesttun terminal
Nye linje 20 vil køyre same trasé som den gjer i dag til og frå Haukeland sjukehus. I tillegg blir linja forlenga til Nesttun terminal, via Nattlandsveien og Birkelundstoppen. Mellom Haukeland sjukehus og Nesttun terminal køyrer den same trasé som dagens linje 21. Bussen vil stoppe på alle haldeplassar og gjer det mogleg å reise direkte mellom Loddefjord, Laksevåg, Årstad og Nesttun.
Frekvens: Linje 20 vil ha avgang kvart 15. min frå morgon til ettermiddag.
Kjekt å vite! Auka frekvens på linje 20 gir eit betre tilbod enn i dag, både i Loddefjord, på Laksevåg, og mellom Nesttun og Haukeland sjukehus.
Linje 22 Lagunen terminal–Fyllingsdalen terminal
Linje 22, som i dag går mellom Fana, Ytrebygda og Fyllingsdalen, vil få ein meir direkte trasé mellom Søreide, Vardeveien og Fyllingsdalen terminal. Bussane vil no køyre hovudvegen direkte til og frå Allestadveien/Vardeveien. Mellom Vardeveien og Lagunen terminal vil linje 22 halde fram som i dag.
Frekvens: Linje 22 vil framleis gå kvart 15. minutt i rushtida, og ha avgang to gongar i timen på dag- og kveldstid. Avgangstidene frå haldeplassen din finn du i reiseplanleggaren.
Godt å vite! Kollektivfelt i Fyllingsdalsveien og ny bussterminal gir ei meir effektiv reise til Fyllingsdalen frå Varden og Søreide.
Linje 24 Olsvik–Fyllingsdalen terminal
Linje 24 får ingen endringar i trasé, men vil gå oftare enn i dag.
Frekvens: I rushtidene vil bussen no gå kvart 15. minutt. På dagtid og kveldstid vil det være 30 minutt mellom avgangane.
Bytepunkt: Sentrale bytepunkt i traseen er Frieda Fasmer, Loddefjord terminal, Sandeide terminal og Fyllingsdalen terminal. Ofte vil det også vere effektivt å byte til linje 3/3E ved haldeplassen Bjørndalsbakken.
Kjekt å vite! På kvardagar får reisande 34 fleire avgangar enn i dag. Ofte vil det også vere effektivt å byte til linje 3/3E ved haldeplassen Bjørndalsbakken.
Linje 52 Grimstad–Dolvik terminal–Lagunen terminal
Linje 52 får nye trasé og vil køyre Sandslivegen og Flyplassvegen mellom Dolvik og Lagunen. Linje 22 vil framleis betene Steinsvikvegen, og det same vil Bybanen (frå Råstølen). Linje 52 tek over traseen til linje 54 og blir ein kombinasjon av dagens linje 52 og 54. Linje 52 vil betene både Fanatorget og bybanestoppet i Sandslivegen, og sikrar eit samanhengande busstilbod i Ytrebygda.
Frekvens: Linje 52 vil gå ca. kvart 30. minutt.
Bytepunkt: Sentrale bytepunkt langs linje 52 er Dolvik terminal, Sandslivegen og Lagunen terminal.
Godt å vite! Det vil bli sett inn fleire skuleruter (linje 99) i Steinsvikvegen til skulestart og skuleslutt for å sikre nok kapasitet på linje 22 i rushtidene.
Linje 53 Hjellestad–Milde–Birkelandsskiftet terminal
Linje 53 mellom Milde/Hjellestad og Birkelandsskiftet held fram som før, men turar som tidlegare gjekk heilt til sentrum, vil no ende ved Lagunen terminal. Der kan reisande byte til buss eller bane. Avgangstidene vil vere ganske like dei vi har i dag, så bussen vil gå seint og tidleg også i helgene. Korrespondanse ved Birkelandsskiftet store delar av dagen vil gi føreseielege overgangar mellom 53 og 50E store delar av dagen. Avgangstidene finn du i reiseplanleggaren.
Frekvens: Linje 53 vil ha avgangar ca. kvart 10. minutt i rushtida. På dagtid og kveldstid vil ho gå kvart 30. min.
Kjekt å vite! Linje 53 går ikkje lenger til sentrum, ettersom linje 67, og 600 no blir hovudtilbodet langs «sjølinja» mellom Lagunen og Bergen busstasjon. Avgangstidene til linje 53 er tilpassa overgang til og frå linje 67 ved Lagunen terminal, men det er ikkje korrespondanse mellom avgangar. Med hovudlinjene 67 og 600 mellom Lagunen terminal og sentrum vil det gå færre busslinjer på strekninga enn i dag. Til gjengjeld blir det fleire avgangar, også i helgene, og jamnare tilbod gjennom døgnet.
Du kan lese meir om linje 600 og det nye tilbodet i Bjørnafjorden her.
Linje 57 Birkelanddskiftet terminal–Espehaugen–Flesland
Linje 57 vil køyre som i dag, men vi set inn fleire avgangar til og frå Espehaugen i rushtidene. Avgangstidene finn du i reiseplanleggaren.
Linje 60 Fanahammeren–Titlestad–Lagunen terminal
Linje 60 blir lik dagens linje 60 mellom Fanahammeren og Lagunen. Det blir ingen avgangar til/frå sentrum, ettersom linje 67 og 600 no blir hovudtilbodet langs «sjølinja» mellom Lagunen og Bergen busstasjon. Reisande frå Fana kan dessutan byte til linje 1 og 26, som også er alternativ i dag. Med dei nye hovudlinjene 67 og 600 mellom Lagunen terminal og sentrum vil det gå færre busslinjer på strekninga enn i dag. Til gjengjeld blir det fleire avgangar, også i helgene, og jamnare tilbod gjennom døgnet.
Frekvens: Kvart 20. min i rushtida. I helgene går linje 60 kvar time.
Kjekt å vite! For å sikre nok kapasitet til og frå Stend i rushtidene blir det sett inn ekstra skuleturar på strekninga (linje 99).
Reiseplanleggar
Du kan lese meir om linje 600 og det nye tilbodet i Bjørnafjorden her.
Linje 67 Søråshøgda–Lagunen terminal–Bergen busstasjon
Linje 67 vil gå same trasé som i dag. Rutetidene vil bli justerte for betre tilpassing til parallelle linjer på strekninga Lagunen–sentrum. Saman med linje 600 blir linje 67 no hovudtilbodet langs «sjølinja» mellom Lagunen og Bergen busstasjon.
Frekvens: Bussen vil gå kvart 15. minutt i rushtidene, og ca. kvart 30. minutt elles. Rutetidene finn du i reiseplanleggaren
Kjekt å vite! Det vil bli fleire bussavgangar mellom sentrum og Lagunen, også laurdagar og søndagar.
Du kan lese meir om linje 600 og det nye tilbodet i Bjørnafjorden her.
Du finn rutetidene i reiseplanleggaren
Du kan utforske nye reisemoglegheiter og finne beste reisealternativ for deg i reiseplanleggaren. Viss du søker på reiser etter 21. november, finn du nye ruter og rutetider. Vi kjem til å finjustere gangavstandar og haldeplassar fram mot omlegginga, og søkeresultata vil dermed bli gradvis meir nøyaktige.
Her finn du rutetabellar som pdf
Desse linjene blir erstatta av nytt tilbod
Fleire direktelinjer til og frå Haukeland sjukehus, som berre har avgangar i rushtida, blir erstatta når bybanelinje 2 opnar. I tillegg blir linje 21 endra og innlemma i ei ny og lengre linje 20. Også linje 25 forsvinn, og blir i stor grad erstatta av linje 14.
Dette er linjene som blir erstatta 21. november:
Linje 21 Bergen busstasjon–Lagunen terminal
Linjenummer 21 forsvinn 21. november, men rutetilbodet mellom Nesttun–Haukeland sjukehus blir innlemma i nye linje 20 og styrkt med fleire avgangar i forhold til i dag. Busstilbodet som har gått parallelt med Bybane over Skjold, blir lagt ned. Det same blir tilbodet på strekninga mellom Haukeland sjukehus og Bergen busstasjon, som no blir dekt av linje 2. Linje 20 vil ha avgangar kvart 15. minutt store delar av dagen, og vil saman med linje 1 utgjere eit betre tilbod mellom Lagunen og Haukeland sjukehus.
Reisealternativ
Linje 1, 2, og 20
Linje 25 Fyllingsdalen terminal–Haukeland sjukehus
Linje 25 blir lagt ned når bybanelinje 2 opnar. Linje 25 blir ikkje direkte erstatta i den nye linjestrukturen, men med linje 2, 5, 14 og 20 vil det framleis vere eit godt tilbod i store delar av denne traseen. For å finne ei reise mellom Fyllingsdalen terminal og Haukeland sjukehus som passar deg, anbefaler vi å søke i reiseplanleggaren.
Reisealternativ
Linje 2, 5, 14, og 20
Linje 28 Fyllingsdalen terminal–Haukeland sjukehus
Linje 28, som berre går i rushtida, blir lagt ned når bybanelinje 2 opnar. Linje 28 blir ikkje direkte erstatta i den nye linjestrukturen. Med to høgfrekvente linjer mellom Fyllingsdalen og Haukeland sjukehus gjennom heile dagen får reisande eit betre og jamnare tilbod på strekninga.
Reisealternativ
Linje 2 og 5
Linje 47 Sandeide terminal–Bergen busstasjon
Dei ti avgangane mellom Sandeide og sentrum i rushtidene på kvardagar blir erstatta med betre tilbod på linje 24 og fleire reisealternativ frå Fyllingsdalen mot sentrum.
Reisealternativ
Linje 2, 3/3E, 24 og 50E
Linje 54 Dovik terminal–Lagunen terminal
Linjenummer 54 forsvinn, men linje 52 tek over trafikken på strekninga. Dagens linje 52 får ny trasé, og vil køyre Sandslivegen og Flyplassvegen mellom Dolvik og Lagunen.
Reisealternativ
Linje 52
Linje 55 Bønes–Sandsli
Linje 55, som i dag utgjer totalt sju turar i rushtidene på kvardagar, blir lagt ned når resten av busstilbodet over Bønes blir styrkt.
Reisealternativ
Linje 14, 51 og 50E
Reiseplanleggar
Linje 403 Straume/Kleppestø–Haukeland sjukehus
Linjenummer 403 forsvinn når bybanelinje 2 opnar til Haukeland sjukehus. Arbeidsrutene mellom Sotra, Askøy og Haukeland sjukehus blir erstatta av hovudlinjene mellom Straume, Kleppestø og Bergen busstasjon, og bybanen mellom sentrum og Haukeland. I sentrum kan reisande byte til/frå linje 2, 5 og 6, og på Bergen busstasjon kan reisande stige om til linje 2 ved Lungegårdskaien. Det er også mogleg å byte til/frå linje 20 ved Lyngbø, eller linje 5 og 6 ved Møhlenpris. Linje 20 vil også få fleire avgangar etter omlegginga.
Reisealternativ til og frå Sotra
Linje 2, 5, 6, 20, 445, 450, 460
Reisealternativ til og frå Askøy
Linje 2, 5, 6, 20, 481, 495, 499
Kjekt å vite: Bybanbelinje 2 går kvart 7.–8. minutt i rushtida. Frå Festplassen er det ca. 5 minutt mellom avgangar på linje 5 eller 6 mot Haukeland sjukehus.
Linje 604 Osøyro–Haukeland sjukehus
Dei fire dagelege avgangane mellom Osøyro og Haukeland sjukehus forsvinn når bybanelinje 2 til Haukeland sjukehus opnar. Denne arbeidsruta til og frå haukelandsområdet blir erstatta av eit buss- og bybanetilbod med hyppigare avgangar, men reisande må byte undervegs. Reisande med linje 600 kan byte til og frå linje 2 ved Kristianborg, medan reisande via Nesttun kan bruke linje 20. Hyppigheita på avgangane gjer byte enklare.
Reisealternativ
Linje 1, 2, 5, 20, 600, 601
Publisert:
Oppdatert: