Hopp til hovedinnald

Du finn oppdaterte pristabellar her

På sambanda Vik - Ortnevik og Ortnevik - Måren - Nordeide ville innføring av sonebillettar ikkje ført til redusert pris for dei reisande. Her er difor prisen for passasjerar halvert, i tråd med fylkestinget sitt vedtak.

Dette blir også nytt på desse sambanda

Frå og med 1. juli får studentar 50 prosent rabatt på enkeltbillett, akkurat som barn, honnør og militær.

I tillegg til enkeltbillett, kan du no kjøpe Kringom periodekort. Du kan også bruke Kringom verdikort når du betaler billetten om bord.

Dersom de er fleire som reiser saman, kan de få grupperabatt:

Minigruppe båt: Når 2–11 personar løyser felles billett, blir det gitt 25 prosent rabatt på vaksentakst. Barn under 4 år reiser gratis og blir ikkje tekne med i talet på reisande.

Gruppe båt: Når 12 eller fleire personar reiser saman, blir det gitt 18 prosent rabatt på vaksen- eller barnetakst. Barn under 4 år reiser gratis og blir ikkje tekne med i talet på reisande.

Slik kjøper du billett

Du kjøper enkeltbillett og periodebillett om bord på båtane. Du kan betale med kontantar, bankkort og Kringom verdikort. Du får ein papirlapp som billett og kvittering. 

Du kan ikkje kjøpe billettar til desse båtsambanda i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no.

Kringom periodekort båt

Med 30-dagars Kringom periodekort for båt i Sogn og Fjordane kan du reise så mykje du vil på det aktuelle sambandet. Du kan kjøpe 30-dagars periodekort båt i kategoriane vaksen eller barn.

Bestilling og kjøp av 30-dagars Kringom periodekort båt

Kringom verdikort

Kringom Verdikort fungerer som eit reisekort du fyller pengar på. Du får 17 prosent rabatt på billettar over minstetakst for vaksen eller barn, og du kan kan betale med kortet på fleire båtsamband i Sogn og Fjordane.

Du kjøper verdikort direkte hos billettøren på båten.Reglement for prisar og rabattordningar for båt i Sogn og Fjordane.

Publisert:

Oppdatert: