Ekstra avgangar mellom Tørvikbygd og Jondal
I perioden frå og med 1. mai til og med 31. august køyrer ferjesambandet Jondal - Tørvikbygd i Hardanger med ei ekstra ferje.
Med ei ekstra ferje blir antalet avgangar dobla, og ferjesambandet vil ha avgang kvar halvtime store delar av dagen. Dei to ferjene som skal trafikkere sambandet i sommar er MF Samlafjord og MF Gulen.
Reiseplanleggaren blir oppdatert innan onsdag 26. april. Her finn du også oppdatert rutetabell for sambandet Tørvikbygd-Jondal.
Publisert:
Oppdatert: