Nytt rutetilbod då nye E39 opna
No kan du reise med ny linje 600 til Bergen busstasjon. På strekninga Os–Søfteland–Nesttun kan du bruke nye linje 610.

Ny hovudlinje mellom Osøyro og Bergen
Med nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal får kollektivreisande ein ny reiseveg mellom Os og Bergen. Den nye linje 600, som køyrer E39 via Lagunen terminal til Bergen busstasjon, blir ei ny og effektiv hovudlinje. Kollektivtilbodet langs gamle E39 blir sikra gjennom den nye lokale linje 610 mellom Osøyro og Nesttun. I tillegg vil det lokale rutetilbodet bli tilpassa dei nye linjene.
Styrka tilbod mellom Eikelandsosen og Osøyro
Busstilbodet mellom Osøyro og Eikelandsosen blir også styrkt ved at linje 740 får langt fleire avgangar enn ho har i dag.
Nytt rutetilbod frå og med 1. november
E39 blir etter planen opna måndag 31. oktober. Busstilbodet blir endra frå og med tirsdag 1. november.
Slik blir tilbodet når E39 opnar
600 Halhjem–Osøyro–Lagunen–Bergen busstasjon
Nye linje 600 mot Bergen vil køyre frå Halhjemsmarka til Tøsdalskiftet og deretter via nye E39 til Lagunen terminal og vidare til Bergen busstasjon. Alle stopp i traseen blir brukte og stoppmønsteret er det same både i retning mot Bergen busstasjon og i retning mot Halhjemsmarka. Det blir ingen restriksjonar på av- og påstiging undervegs.
Trasé
Bussen køyrer Halhjemsmarka–Osøyro–Tøsdalskiftet–Lagunen–Fjøsanger–Danmarks plass–Bergen busstasjon og vil stoppe på alle haldeplassar. På den nye vegen mellom Tøsdalsskiftet og Lagunen terminal er det stopp i Endelausmarka og i Rådalskrysset.
Kart
Sentrale bytepunkt
Tøsdalskiftet og Lagunen terminal er sentrale bytepunkt for reisande mellom Os og Ytrebygda/Fana. Tettare på Bergen sentrum er Danmarks plass eit viktig knutepunkt. Det blir lagt opp til effektive byte mellom linje 600 og 610 ved Osøyro terminal.
Når bybanelinje 2 opnar vil Kristianborg i Fjøsangerveien vere eit naturleg bytepunkt for reisande til og frå Haukeland sjukehus.
Avgangsfrekvens
Linje 600 vil ha avgang kvart 15. minutt i rushtidene. Avgangstider finn du i reiseplanleggaren og i den nye rutetabellen.
Ny rutetabell
Kjekt å vite!
Samla vil det no gå fleire avgangar mellom Os og Bergen enn før omlegginga. Med linje 600 får vi ei effektiv rute gjennom heile dagen. Fleire avgangar frå Halhjem kai blir tilpassa ferjerutene for Våge–Halhjem.
601 Os–Lysekloster–Drange
Det blir ingen endringar for denne linja utover litt justeringar i rutetidene. Anbefalt bytepunkt ved overgang til linje 600 og 610 er Tøsdalskiftet.
Rutetabell f.o.m. 1. november
602 Strøno–Tøsdalsskiftet–Osøyro
Det blir ingen endringar for denne linja utover litt justeringar i rutetidene. Anbefalt bytepunkt ved overgang til linje 600 og 610 er Tøsdalskiftet.
Rutetabell f.o.m. 1. november
603 Røttingen–Lepsøy–Ulven–Tøsdalskiftet–Osøyro
Det blir ingen endringar for denne linja utover litt justeringar i rutetidene. Anbefalt bytepunkt ved overgang til linje 600 og 610 er Tøsdalskiftet.
604 Osøyro–Haukeland sjukehus
Det blir ingen endringar på linje 604 i samband med opninga av E39.
Merk: Når bybanelinje 2 opnar til Haukeland sjukehus vil dei fire avgangane på linje 604 bli erstatta av andre reisealternativ. Reiser du via Lagunen terminal, blir det då enklast å bruke bybanen frå Kristianborg. Reiser du via Nesttun, er buss frå terminalen eit eigna alternativ.
606 Solbjørg–Osøyro
Det blir ingen endringar for denne linja utover litt justeringar i rutetidene. Anbefalt bytepunkt ved overgang til linje 600 og 610 er Tøsdalskiftet.
607 Hagavik/Nore Neset–Osøyro
Det blir ingen endringar for denne linja utover litt justeringar i rutetidene. Anbefalt bytepunkt ved overgang til linje 600 og 610 mot Bergen er Osøyro.
610 Osøyro–Søfteland–Nesttun terminal
Nye linje 610 erstattar dagens linje 600, og blir den nye lokale linja mellom Osøyro, Søfteland og Nesttun.
Nesttun terminal blir eit sentralt bytepunkt, der du kan reise vidare med bybane eller buss mot Fana/Ytrebygda, eller i retning mot sentrum, Landås eller Arna.
Ny rutetabellKartKjekt å vite!
Linje 610 har avgangar gjennom heile dagen, og vil gå kvart 15. minutt i rushtidene. Det blir lagt opp til effektive byte mellom linje 600 og 610 ved Osøyro terminal.
740 Osøyro–Eikelandsosen–(Gjermundshamn)
Linje 740 mellom Osøyro og Eikelandsosen knyt Os og Fusa saman. Bussane på linje 740 følgjer ferja i sambandet Hatvik–Venjaneset, og enkelte av avgangane vil gå heile vegen til/frå Gjermundshamn. På kvardagar er avgangsfrekvensen ca. kvart 40. minutt på strekninga Osøyro–Eikelandsosen.
Det sentrale bytepunktet er Osøyro terminal, der reisande kan stige om til buss 600 eller 610 mot Bergen.
Rutetabell f.o.m. 1. novemberKjekt å vite!
Linje 740 vil få langt fleire avgangar enn ho har i dag. Den samla reisetida mellom Bergen og Eikelandsosen blir korta ned, sjølv med byte til linje 600 på Osøyro terminal. Det blir òg enklare å reise til og frå Ytrebygda og Bergen lufthamn mellom anna.
Kart
741 Arna–Eikelandsosen
Arbeidsruta mellom Arna og Fusa får eige linjenummer. Tilbodet blir som tidlegare, med avgang frå Arna om morgonen, og avgang frå Fusa på ettermiddagen.
Rutetabell f.o.m. 1. november
Linjekart for Bjørnafjorden
Du finn rutetidene i reiseplanleggaren
Allereie no kan du utforske nye reisemoglegheiter og finne beste reisealternativ for deg i reiseplanleggaren. Viss du søker reiser etter 31. oktober finn du nye ruter og rutetider.
NB! Framtidige reiseforslag er førebels berre rettleiande. Vi tek atterhald om endring av opningsdato.
Reiseplanleggar
Desse linjene blir erstatta av nytt tilbod
600 Halhjem–Osøyro–Nesttun–Bergen busstasjon
Dagens linje 600 blir erstatta av nye linje 600 (Halhjem–Lagunen–Bergen busstasjon), og linje 610 mellom Osøyro og Nesttun.
Kjekt å vite!
Både linje 600 og 610 har avgangar gjennom heile dagen, og vil gå kvart 15. minutt i rushtidene. Talet på bussavgangar mellom Os og Bergen aukar. Samstundes vert reisemoglegheitene fleire gjennom nye linje 600 som tek i bruk den nye motorvegen.
600E Halhjem–Osøyro–Nesttun–Bergen busstasjon
Dei ti daglege ekspressavgangane på linje 600E blir erstatta av nytt tilbod på linje 600 Halhjem–Lagunen terminal–Bergen busstasjon, samt linje 610 Osøyro–Nesttun.
Kjekt å vite!
På den nye traseen via Lagunen vil linje 600 stort sett bruke kortare tid til Bergen sentrum enn dei gamle ekspressavgangane. Med stopp på knutepunkta Lagunen terminal, Fjøsangerkrysset og Danmarks plass mogleggjer linje 600 effektiv reise til Fana og Ytrebygda, og til Årstad og Fyllingsdalen.
605 Hatvik–Osøyro
Linjenummeret 605 forsvinn og linje 740 mellom Eikelandsosen og Osøyro blir styrkt for å oppretthalde eit godt tilbod på strekninga Hatvik–Osøyro.
Nye terminalkart
Nye kart over terminalane viser kor bussane vil stoppe etter omlegginga.
Osøyro terminalNesttun terminalLagunen terminal
Nye rutetabellar
Innfartsparkering
Publisert:
Oppdatert: