Hopp til hovedinnald

Vi justerer linjenettet og rutetilbodet rundt Bybanen for å gi eit best mogleg kollektivtilbod. Bybanen har svært høg frekvens og kapasitet, og den nye bybanelinja til Fyllingsdalen gir ei heilt ny reisemoglegheit på tvers av Bergen, mellom anna til Haukeland universitetssjukehus.

Gjennom å justere rutetilbodet rundt, utnyttar vi dei nye moglegheitene. Bak endringane ligg ein plan om å gjere kollektivsystemet meir effektivt, med fleire reisemoglegheiter på kryss og tvers i byen. Eit grunnleggjande mål for Skyss er å gjere det meir attraktivt å reise kollektivt.

Eit nett av hovudlinjer

I Bergen er det frå før seks hovudlinjer, med buss eller bane. Hovudlinjene køyrer i dei mest folkerike områda i Bergen og fraktar det store fleirtalet av reisande. Når ei ny bybanelinje no kjem til i nettverket av hovudlinjer, er målet vårt å reindyrke linjekonseptet og korleis linjene verkar saman. På hovudlinjene skal både kapasiteten og frekvensen vere høg. På dagtid vil det vere avgangar kvart tiande minutt eller oftare.

Folk reiser frå mange ulike stader, til mange ulike reisemål. Vi er klar over at den enkelte helst vil reise frå dør til dør og sleppe å byte undervegs, men viss alle skal reise direkte, krevst det svært mange busslinjer. Dette er dyrt og fører til dårleg ressursutnytting, noko som inneber at kvar enkelt busslinje ikkje kan gå så ofte. Når vi no gjer justeringar, er det for å stø opp om eit nettverk med færre linjer som kryssar kvarandre i knutepunkt. Nokre av våre reisande vil oppleve at dei må byte buss der dei tidlegare kunne reise direkte, men til gjengjeld kan bussen gå oftare, slik at ventetida blir kortare. Samstundes opnar byte opp for å nå fleire reisemål enn før. Slik blir det lettare å reise kollektivt i kvardagen. Med endringane som blir gjort i haust, vil omlag 8000 fleire innbyggarar få tilgang til eit tilbod med avgangar kvart 10. minutt. Med så hyppige avgangar på fleire linjer blir det skapt ein «nettverkseffekt» der ein kan reise mellom knutepunkt utan lange ventetider.


Ved å redusere talet på busslinjer til kvart reisemål kan vi i staden auke talet på avgangar på kvar linje. Dette nettverket gir betre og hyppigare reisemoglegheiter.

Busslinjer blir tilpassa hovudlinjene

Eit slikt nettverk av linjer er i tråd med kollektivfagleg praksis i andre byar. Undersøkingar syner også at kor ofte bussen går, har mykje å seie for om folk vel å reise kollektivt. I takt med endringa av hovudlinjer blir også ein del andre busslinjer endra for å tilpasse avgangane til det nye nettverket.

Informasjon om tilbodet

Når vi endrar på ting som i stor grad gjeld kvardagen til folk, er det vanskeleg å unngå at nokon opplever det negativt. For å førebu flest mogleg på endringane gir vi detaljert informasjon her på sida. Du vil etter kvart finne oppdaterte linjekart som syner det samla kollektivsystemet i Bergen, med dei viktigaste knutepunkta og kor ofte du kan reise. Du vil òg finne nye terminalkart som syner terminalane som blir lagt om i haust.
Rutetider for dei nye linjene etter 21. november kan du søkje opp i Skyss reiseplanleggar. Ved oppstarten av det nye tilbodet rundt linje 2 vil Skyss også ha hjelparar i gule vestar ute for å hjelpe folk med å finne fram.