Hopp til hovedinnald

Det vert fleire knutepunkt langs den nye bybanelina: Fyllingsdalen terminal, Kristianborg, Kronstad, Haukeland sjukehus, Bergen busstasjon og i sentrum. Fleire reisande enn tidlegare vil byte, både mellom bybanelinje 1 og 2, og mellom buss og bane. Denne samlinga av buss- og bybanelinjer i eit nettverk med fleire gode bytepunkt gjev moglegheit for høgare frekvens, slik at du kjem deg raskare fram med kollektivtransporten.

Under kan du bli litt betre kjent med dei sentrale knutepunkta.

Fyllingsdalen terminal har blitt oppgradert i samband med utbygginga av Bybanen. Terminalen opna for trafikk 29. august og er ein moderne bussterminal med venteskur, perrongar og informasjonssøyler med avgangsvisning. Det tar omlag to minutt å gå mellom bussperrongane og bybanestoppet. 

Desse linjene har stopp ved Fyllingsdalen terminal:
2, 4, 5, 14, 18, 22, 24, 46, 48, 50E

Kart over terminalen

Illustrasjon: Mount Visual/Bybanen Utbygging

Du kan lese meir om byggetrinn 4 på nettsidene til Bybanen Utbygging.

Ved Kristianborg kryssar bybanelinje 2 busstraseen i Fjøsangerveien. Dette blir dermed eit viktig bytepunkt mellom buss og bane. Haldeplassen har to nivå, då bybanesporet går under Fjøsangerveien, og det er trapp og heis mellom stoppa.

Desse linjene stoppar ved Kristianborg
2, 14, 51, 67, 82, 600

Illustrasjon: Mount Visual/Bybanen Utbygging

Du kan lese meir om byggetrinn 4 på nettsidene til Bybanen Utbygging.

På Kronstad møtest linje 1 og linje 2. Dette blir altså eit naturleg bytepunkt for dei som reiser med bybane mellom Fyllingsdalen og dei sørlege bydelane. På Kronstad er perrong A og B knytt til linje 1, medan linje 2 stoppar ved perrong C og D.

Illustrasjon: Mount Visual/Bybanen Utbygging

Godt å vite! På Kronstad er det eit omkøyringsspor mellom linje 1 og 2. I denne sløyfa finn du også perrong E og F, som berre er i bruk dersom det blir behov for å nytte omkøyringssløyfa. 

Du kan lese meir om byggetrinn 4 på nettsidene til Bybanen Utbygging.

Sjølv om området rundt Haukeland sjukehus no vil betenast av bybane, vil det gode busstilbodet i området i all hovudsak halde fram. Dermed blir Haukeland sjukehus også eit sentralt bytepunkt for overgangar mellom buss og bane. Her vil linje 2, som går på tvers i Bergensdalen, møte busslinjene som går sørover mot Landås og nordover mot Kalfaret og sentrum. Standarden på busshaldeplassane har fått eit løft for å gjere heile området betre eigna for kollektivreisande. 

Nye busshaldeplassar
I anleggsperioden har bussane på nordsida av Haukeland sjukehus brukt haldeplassane Ulriksdal og Møllendalsbakken. Frå og med måndag 21. november blir desse lagt ned samstundes som nye haldeplassar blir tatt i bruk. Bussane vil stoppe på Haukeland sjukehus C og D

Kart over haldeplassane i områdetDesse linjene har stopp ved Haukeland sjukehus:
2, 5, 6, 12, 16E, 20, 27

Illustrasjon: Sweco/3RW

Du kan lese meir om byggetrinn 4 på nettsidene til Bybanen Utbygging.

Det nye bybanestoppet på Bergen busstasjon ligg ved Lungegårdsdkaien. Frå Perrong C går banen mot Haukeland sjukehus og Fyllingsdalen, og frå perrong D går banen i retning sentrum. Bergen busstasjon er allereie eit travelt knutepunkt der reisande byter mellom buss og bane, og no vil fleire reisande kunne kome seg effektivt til og frå Haukeland via Bergen busstasjon og linje 2.    

Kart over Bergen busstasjon

Illustrasjon: Mount Visual/Bybanen Utbygging

Du kan lese meir om byggetrinn 4 på nettsidene til Bybanen Utbygging.

Det nye bybanestoppet i sentrum heiter Kaigaten. Her startar linje 2 til Fyllingsdalen. I sentrum kan altså reisande med buss til Festplassen, Olav Kyrres gate eller Småstrandgaten byte til linje 1 ved Byparken (som i dag) eller til linje 2 frå stoppet i Kaigaten.

Illustrasjon: MountVisual/Bybanen Utbygging

Du kan lese meir om byggetrinn 4 på nettsidene til Bybanen Utbygging.