Det blir billigare med bil på bilførande båt
Frå og med måndag 6. november blir det billigare å ta med bil på dei bilførande båtane i Vestland.

Enkelte av båtane i Vestland har også plass til nokre bilar, og no blir det billigare å reise med bil her.
Dette gjeld følgande båtsamband:
- Kaupanger kai–Frønningen
- Vik–Ortnevik
- Ortnevik–Måren–Nordeide
- Florabassenget
- Eidesvik–Espevær
Prisane blir reduserte med 50 prosent med utgangspunkt i prisane som var gjeldande 1. januar 2021. Nye prisar skal gjelde frå 6. november.
Skal du reise med bil i Florabassenget, finn du pris på fjord1.no.
Prisar for sambandet Eidesvik-Espevær finn du på gulenskyss.no.
Publisert:
Oppdatert: