Hopp til hovedinnald

Ein 30-dagars periodebillett for vaksen kostar 755 kroner for ei sone og inkludere reiser med buss i same sone. Ein enkeltbillett for vaksen kostar 40 kroner for éi sone og inkluderer også reiser med buss i same sone. 

Endringane gjeld for sambanda:

  • Florø - Askrova - Stavang - Svanøy (Florabassenget sør)
  • Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvåg - Kinn (Florabassenget nord og vest)
  • Kaupanger kai - Frønningen
  • Eidesvik - Espevær

Prisane blei endra fordi desse båtrutene no er inkluderte i sonesystemet og prisa på same måte som Skyss bussane i Vestland, Bybanen i Bergen, Askøybåten og Nordhordlandsbåten.

Her finn du meir informasjon om endringane på båtruta Eidesvik-Espevær

Dette blir også nytt på båtrutene i Florabassenget og Kaupanger kai - Frønningen

Enkeltbillettar er no gyldige i 90 minutt for éi sone, og i ytterlegare 30 minutt for kvar ekstra sone billetten gjeld for. 

Fleire billettypar  
I tillegg til enkeltbillett og periodebillett for 30 dagar, kan du no kjøpe 24-timarsbillett og periodebillett for 7 eller 180 dagar.

Aldersgrenser og reglar for rabatt 

  • Aldersgrensa for barn er frå og med 1. juli frå 6 år til og med fylte 18 år. Kategorien vaksen gjeld no frå og med 18 år. 
  • Studentar får 40 prosent rabatt enkeltbillett, 24-timars billett og på periodebillettar.
  • Nytt frå og med 1. juli er at også honnørreisande får 50 prosent rabatt på periodebillettar.
  • I tillegg vert det gratis å ta med sykkel om bord, så lenge det er plass.

Familierabatt – ny rabatt
Med familierabatt kan ein reisande over 18 år med gyldig billett ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år, gratis. Familierabatten gjeld kvar dag, heile året.

Rabatten gjeld på Skyss bussane, Bybanen, Askøybåten, Nordhordlandsbåten, Florabassenget, Kaupanger kai - Frønningen og Eidesvik - Espevær.

Grupperabatt  
Det blir frå og med 1. juli gitt 17 prosent rabatt for vaksen når 10 eller fleire reiser saman på enkeltbillett.

Reiser med bil
Prisen for bilar er uendra. Her finn du prisar for reiser med bil på sambandet Kaupanger kai - Frønningen.

Viss du skal ha med bil på båtreiser i Florabassenget, finn du prisar og informasjon om båtbestilling på Fjord1.no.

Slik kjøper du billett

Du kan kjøpe enkeltbillettar og 24-timars billettar om bord. I appen Skyss Billett og i nettbutikken på skyss.no kan du kjøpe alle typar billettar. Du kan også kjøpe enkeltbillett med SMS.

I appen Skyss Billett og i nettbutikken er det viktig at du vel riktig sone når du kjøper billett. For båtreiser i Florabassenget vel du sone H, for Kaupanger kai - Frønningen vel du sone J.

Refusjon av billettar 
Dersom du har eit gyldig Kringom periodekort eller Kringom periodekort kombi for rutene i Florabassenget, kan du velje mellom å bruke billetten ut perioden eller søke om refusjon. Du får då refundert panten og dagane kortet ikkje har vore brukt etter 1. juli. Ønsker du refusjon, må du be om dette innan 30. september 2022. Kontakt Fjord1 for refusjon.

Kringom Verdikort
Kringom verdikort vil frå og med 1. juli ikkje lenger kunne brukast på båtsambanda i Florabassenget. Dersom du har igjen pengar på kortet, kan du bruke desse når du kjøper enkeltbillett eller 24-timarsbillett om bord på båten. Du får ikkje lenger 17 prosent rabatt og kan heller ikkje fylle på kortet.

Du kan også søke om refusjon, der du får refundert attståande verdi i tillegg til panten på kortet. Dette gjer du ved å kontakte operatøren du kjøpte kortet hos.

Du kan framleis bruke Kringom verdikort for å betale for personreiser med andre båtar i Sogn og Fjordane. 

Kringom Periodekort Kombi

Frå og med 20. juni kan kombinasjonsbilletten for buss og båt i Florabassenget, Kringom Periodekort Kombi, ikkje lenger brukast. Du kan bruke kortet ut perioden du har betalt for, men du kan ikkje kjøpe ny periode.

Du kan også søke om refusjon. Du får då refundert panten og dagane kortet ikkje har vore brukt etter 20. juni.

Frå og med 1. juli kan du bruke periodebillett for sone H både på buss og på båt i Florabassenget.

Publisert:

Oppdatert: