Kjøper du billett på billettautomat?
Alle billettautomatar på busshaldeplassar og bussterminalar vart fjerna i løpet av våren.

Slik kjøper du billetten på andre måtar:
Om bord kan du no betale med bankkort på alle bussane i Hordaland.
Fjerninga av automatane vart gjort i samband med at vi går vekk frå billettsystemet som automatane er bygde på.
På Bybanen er det ikkje mogleg å kjøpe billett om bord, så langs bybanetraseen blir ikkje billettautomatane fjerna. Alle automatane langs Bybanen blir i løpet av hausten bytta ut med ein ny og enklare automat.
Dersom du har Skysskort og brukar å hente ut parkeringsbevis frå billettautomat, kan du få utdelt parkeringsbevis på kundesenteret vårt. Med periodebillett i appen Skyss Billett kan du registrere parkeringsbevis direkte i appen.
Publisert:
Oppdatert: