Hopp til hovedinnald

No kan du betale med bankkort om bord i bussane i kommunane Etne, Kvinnherad, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Voss, Modalen, Vaksdal, Fitjar, Stord, Bømlo og Sveio. Installeringa i Bergen er begynt og vil halde på fram mot sommaren. Sjå under kva for linjer du kan betale med bankkort på. 

22
50E
51
52
53
54
56
57
61
62
64
65
67
70
71
73
74
75
76
83
90
99
600
601
602
603
604
605
606
607


Du betaler for reisa di med bankkort hos sjåføren, på same måte som du betaler med bankkort i butikken eller andre stader.

Om bord kan du kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett.   

Betalinga skjer kontaktlaust, ved at du legg kortet ditt på bankterminalen. I nokre tilfelle må du sette inn kortet og taste PIN-koden. 

Du kan også betale med smarttelefon eller smartklokke, så lenge det er eitt av betalingskorta oppgitt under, som er registrert. 

Tips: Hugs å ha bankkortet klart når du går om bord i bussen. 

 Desse korta kan du bruke: 

  • Visa: debet– og kreditkort 
  • Mastercard: debet– og kreditkort 
  • Maestro: debet– og kreditkort 

Vi oppfordrar framleis dei som kan, om å kjøpe billett på førehand. Det gjer du enkelt i Skyss Billett-appen, nettbutikken eller med SMS-billett.  

Installeringa av bankterminalar om bord i alle bussane held fram i område for område utover våren og forsommaren. Frå slutten av juni vil du kunne betale med bankkort om bord i heile Hordaland.

Publisert:

Oppdatert: