Sjå opp for gladmeldingar til deg med gyldig billett!
Betaler du alltid for reisa di? Da gjer vi litt stas på deg framover.

Gladmelding til alle våre reisande med gyldig billett
Vi i Skyss set uendeleg stor pris på alle dykk som alltid betaler for reisa. Difor vil det i tida framover dukke opp nokre ekstra hyggelege overraskingar på utvalde haldeplassar, til dykk med gyldig billett. Kva ventar rundt neste sving? Kaffi, ein bolle eller kanskje noko heilt anna? Tida vil vise ...
Så ikkje snik. Ver glad. Kjøp billett.
Kvar billett tel
Sniking er dumt for alle som ønsker eit godt kollektivtilbod. Ikkje minst dei som betaler og har gyldig billett. Sniking gir lågare billettinntekter, og dermed mindre pengar til overs til å halde ved like, utvikle og betre kollektivtilbodet.
Tusen takk til deg som alltid kjøper billett. Du bidrar til eit betre kollektivtilbod – for alle. Velkommen om bord!
Periodebillett eller enkeltbillett?
Vi har mange typar billettar, anten du reiser ofte eller sjeldan.
Her finn du informasjon om alle billettypane våre.
Saumlaus reise med Skyss sine appar
I appen Skyss Reise kan du planlegge reisa di og sjå kor nærmaste haldeplass ligg, mens du i appen Skyss Billett kjøper billett raskt og enkelt.
Last ned appen Skyss Billett:
Publisert:
Oppdatert: