Hopp til hovedinnald

Lat oss rekne litt på det!
Litt informasjon før vi startar: Ein enkeltbillett kostar 40 kronar. Eksempla under er vaksenpris for periodebillett i éi sone.

7-dagarsbillett: 235 kr

 235 / 40 = 5,9 ≈ 6 enkeltreiser i veka.

Reknestykket viser at denne billettypen vil lønne seg dersom du kjem til å ha seks enkeltreiser eller tre tur-retur-reiser i løpet av sju dagar.

30-dagarsbillett: 755 kr

755 / 40 = 18,8 enkeltreiser i månaden.
Om vi så seiar det er fire veker i ein månad:
18,8 enkeltreiser / 4 veker  = 4,7 ≈ 5 enkeltreiser i veka.

Dersom du har meir enn fem enkeltreiser i løpet av veka, vil det lønne seg med ein 30-dagarsbillett. Denne svarer til to tur-retur-reiser pluss éi enkeltreise.

180-dagarsbillett: 3775 kr

3775 / 40  = 94 enkeltreiser 
180 dagar er tilsvarande seks månader og det er om lag fire veker i ein månad:
94 enkeltreiser / 26 veker  = 3,6 ≈ 4 enkeltreiser i veka. 

Dersom du reiser meir enn fire gongar eller har meir enn to tur-retur-reiser i veka, lønner det seg absolutt med ein 180-dagarsbillett.

Er du usikker på kor mange gongar du reiser i veka, eller kva du kan bruke kollektivtrafikk til? Sjå videoane under for å få inspirasjon.

30-dagarsbillett:

180-dagarsbillett:

 

Publisert:

Oppdatert: