Ingen prisauke i billettprisane for buss og bane!
Frå 1. februar vert det fleire rabatterte billettar for studentar, familierabatt heile veka og inga prisauke på ordinære billettar.
Inga prisauke på ordinære billettar
Etter vedtak i fylkestinget i desember, blir det ikkje prisauke på buss, bybane og båtruter som inngår i den vanlege sonestrukturen.
For andre båtruter i Vestland blir det gjennomført ei prisjustering på fire prosent. Du finn dei nye prisane for båtsamband i Vestland her.
Student
Tidlegare har studentar fått 40 prosent rabatt på periodebillettar med Skyss-buss, bybanen og på visse båtruter. No blir denne ordninga utvida til å gjelde også enkeltbillettar og 24-timars billetten. Dette betyr at studentar kan kjøpe enkeltbillett i ei sone til berre 24 kroner.
Familierabatt
Denne ordninga galdt tidlegare berre i helger og på offentlege fridagar, men frå og med 1. februar gjeld ho kvar dag, året rundt.
Vaksne med billett kan dermed ta med seg inntil fire barn i alderen 6 til 17 år gratis på buss, bybanen og båtruter innanfor den vanlege sonestrukturen (Askøybåten, Nordhordlandsbåten, Eidesvik – Espevær, båtrutene i Florøbassenget og Kaupanger – Frønningen). Barn under 6 år reiser som alltid gratis.
Publisert:
Oppdatert: