Hopp til hovedinnald

 

Brua stenger for naudsynt vedlikehald i desse tidsromma:

  • Frå laurdag 4. oktober kl. 22.00 til søndag 5. oktober kl. 09.00
  • Frå laurdag 18. oktober kl. 22.00 til søndag 19. oktober kl. 09.00

Båt mellom Strandkaien og Kleppestø

Skyss set opp båt mellom Strandkaiterminalen og Kleppestø. Første båtavgang går frå Kleppestø kl. 21.50, og båten går kvar halvtime fram til midnatt.

Bussar på Askøy som skulle gått til Bergen sentrum, vil i staden gå til Kleppestø.

Etter midnatt går båten kvart 40. minutt. Mannskapet får ein pause om natta, då siste båt går kl. 03.50 og første båt går kl. 06.00. Deretter går båten kvar halvtime fram til brua vert opna att klokka 9.

Bussane blir innstilt

Medan brua er stengd, blir buss linje 400 innstilt mellom Bergen busstasjon og Kleppestø terminal. Siste avgang laurdag kveld frå Kleppestø til Bergen er kl. 21.19. Siste avgang frå Bergen busstasjon til Kleppestø er 21.22. Første avgang søndag morgon er kl. 09.19 frå Kleppestø terminal, og kl. 09.52 frå Bergen busstasjon.

Heller ingen nattbussar

Skyss innstiller alle nattbussar mellom Bergen og Askøy, og lokalt på Askøy. Dette betyr at det ikkje vil gå bussar vidare frå Kleppestø om natta.

— Båten er først og fremst mynta på dei som skal på arbeid, særleg knytt til helseklyngen på Haukeland, slik at dei kjem seg til og frå jobb om kvelden og tidleg om morgonen, seier Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss, Vestland fylkeskommune.

— Vi vil understreke at båt- og busstilbodet er eit basistilbod, og vi oppmodar alle som ikkje er nøydde til å reise til og frå Askøy desse nettene om å unngå å reise, seier Dreyer.

Moglege endringar 18. oktober

Skyss vil følgje med på korleis tilbodet blir brukt og eventuelt gjere tilpassingar ved stenging nummer to som skjer natta mellom 18. og 19. oktober.

Naudetatane har eigen beredskap

Det er tett dialog mellom fylkeskommunen, Askøy kommune og naudetatane om stenginga.

— Beredskap knytt til brann, helse og politi vert godt ivaretatt av naudetatane, og er ikkje knytt til båttilbodet, seier Dreyer.

Skifte av brufuger

Bakgrunnen for at Askøybrua vert stengd er at ein må skifte ut brufuger. Arbeidet på Askøybrua er i rute, og entreprenør er godt i gang med å med å demontere eksisterande brufuge på Bergen-sida, seier Jorunn Hillestad Sekse, seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune.

For at det skal vere trygt for dei som arbeidar på brua og dei som køyrer, er fartsgrensa sett til 50 km/t. Det vil gjelde heilt fram til arbeidet er ferdig i november. 

Du finn rutetider for båten og fleire detaljar her (skyss.no)

(Foto: Eivind Kvamm-Lichtenfeld/CC BY-NC 2.0)

Publisert:

Oppdatert: