Få gratis bussjåførutdanning
Ønsker du å bli bussjåfør? No kan du søke jobb med gratis utdanning og økonomisk støtte.

Gratis utdanning
Vestland treng fleire bussjåførar og no kan du få gratis sjåførutdanning dersom du blir tilsett som sjåfør i busselskapa Tide eller Vy.
Utdanninga skjer ved Os Vidaregåande eller ved privat køyreskole. Du vil få førarkort klasse D og kan arbeide som bussjåfør.
Oppstart av utdanninga ved Os vidaregåande skole er i januar 2024 og varer i 19 veker. Utdanning ved dei private køyreskolene vil vare i åtte til ni veker.
Krav for å ta utdanninga
For å ta kurset må du gjennomføre ein køyretest for klasse B og tilfredsstille språkkrav. Dersom du har behov for ekstra norskopplæring kan du få hjelp til dette.
Økonomisk støtte
Du kan få opptil 100 000 kroner i stipend samtidig som du tar kurset ved Os vidaregåande skole. Viss du utdanner deg ved dei private køyreskolene er stipendet på opptil 50 000 kroner. Viss du har mottat stipend må du jobbe som sjåfør i Vestland i 3 år. Dersom du ikkje fullfører kontrakten, må du betale tilbake ein del av stipendet.
Slik kjem du i gang
For å starte di karriere som bussjåfør, ta kontakt med selskapet som køyrer der du ønsker å jobbe.
Sjå meir informasjon om kor selskapa køyrer her:
Tide Buss AS
Tide Buss AS køyrer buss i områda:
- Austevoll
- Bergen nord og Osterøy (inkludert Servicelinjene)
- Bergen sentrum
- Bergen sør og Os
- Hardanger/Voss
- Sogn
- Sunnhordland
- Vest (Øygarden og Askøy)
Kontakt Tide Buss AS
Vy Buss AS
Vy Buss AS køyrer buss i Nordhordland.
Kontakt Vy Buss AS
Publisert:
Oppdatert: