Hopp til hovedinnald

Skyss skal vere eit samla kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikken i fylket, og vi skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Til dagleg jobbar vi med å:

  • planlegge og vidareutvikle linjenett og rutetilbod
  • tildele kontraktar for køyring av buss, bybane, båt og ferjer ved hjelp av anbodskonkurransar
  • planlegge skoleruter og koordinere skoleskyss
  • informere om og marknadsføre reisetilbod og kundeløysingar
  • gi kundeservice
  • utvikle kombinerte mobilitetstenester

Skyss og Kringom vart slått saman då Hordaland og Sogn og Fjordane vart eitt fylke 1. januar 2020. Dei to fylka har hatt mange ulike system for administrasjonen av kollektivtrafikken, som vi framleis arbeider med å samordne. Det endelege målet er felles løysingar for kundane i heile Vestland. Inntil vidare finn du framleis all reiseinformasjon for Sogn og Fjordane på kringom.no.

Styringsdokument

Vi arbeider med å utvikle ein felles strategi for kollektiv og mobilitet i Vestland fylke. Inntil denne er ferdig, styrer vi etter strategiane frå dei to tidlegare fylka.

For Hordaland gjeld Kollektivstrategi for Hordaland, der det er definert at vi skal forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet gjennom å tilby:

  • betre tilbod der flest reiser
  • enkle reiser
  • effektive reiser
  • miljøvenleg drift

For Sogn og Fjordane gjeld Regional transportplan, det det er sett som mål at kollektivtilbodet skal nå flest mogleg.

Styring

Skyss sitt øvste styre er fylkestinget i Vestland, som vedtar overordna strategiar, budsjett og fattar vedtak i prinsipielle og budsjettmessige enkeltsaker.

Her finn du politiske saker for Vestland fylkesting: https://innsyn.vlfk.no/Innsyn/dmb

Leiargruppa i Skyss

Målfrid Vik Sønstabø-s.jpg

Målfrid Vik Sønstabø

direktør

image8zqq.png

Camilla Selch

leiar for avdeling strategi og organisasjon

imagesbi36.png

Gudrun Einbu

leiar for avdeling transporttilbod

Kari Steinsland_s.jpg

Kari Steinsland

leiar for avdeling mobilitetstenester

Karl Inge Nygård_s.jpg

Karl Inge Nygård

leiar for avdeling kontrakt

Knut Peder Eriksen_s.jpg

Knut Peder Eriksen

leiar for avdeling økonomi og administrasjon

Svein Book Dalsgård

leiar for avdeling kundeopplevingar

Andre Tangen_s.jpg

André Tangen

leiar for avdeling digitale tenester