Pilotprosjekt for sjølvkøyrande buss i Førde

I september kjem ein sjølvkøyrande buss i trafikk i Førde, som eit prøveprosjekt i regi av Skyss, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Helse Førde og Sunnfjord Kommune.

Målet med prosjektet er å lære om ny mobilitet og nye forretningsmodellar og å involvere studentar og lokalt næringsliv. Vi ønskjer ikke minst å prøve ut eit lokalt transporttilbod for studentar og andre mellom sentrum og Ytre Øyrane i Førde, der den nye felles teknologisatsinga Campus Verftet er lokalisert. Der har HVL og Fagskulen Sogn og Fjordane nyleg opna felles areal for kompetansesatsing innan teknologi. I området til pilotstrekninga er det i dag ikkje tilbod om offentleg transport. Sløyfa som bussen skal køyre er om lag to kilometer lang.

Fleire pilotar i Norge

Sjølvkøyrande teknologi er i stadig utvikling. Fleire aktørar har sett i verk testing og bruk av førarlause køyretøy fleire stader i Norge, mellom anna i Stavanger, Oslo, Kongsberg, Bærum, Trondheim og Herøya. Poenget med prosjekta er ikkje berre å teste sjølvkøyrande bussar på vegen, men også korleis ein kan få til god prosjektorganisering med fleire partar, gode forretningsmodellar, og å finne ut korleis ein kan utvikle nytteverdien for brukarar med ulike behov og i ulike geografiske samanhengar. 

Samarbeidspartane er Skyss (prosjektleiar), Sunnfjord kommune, Høgskolen på Vestlandet (HVL), Helse Førde og MUST - mustlab.no. Sponsorane BKK og Enivest har bidratt med pengar til prosjektet.

Spørsmål om dette prosjektet?
Kontakt Kari Steinsland i Skyss: kari.steinsland@skyss.no