Pilot for bestillingstransport i Bergen

Dynamisk bestillingstransport er ei teneste der brukarane kan bestille transport etter behov.

Skyss står no i spissen for eit partnarskap med Bergen kommune og MUST LivingLab, der vi skal utforme eit prosjekt for å teste dynamisk bestillingstransport i Bergen. 

Bestillingstransport opnar for mange moglegheiter og kan på sikt erstatte eller supplere rutegåande kollektivtransport. 

– Dynamiske transporttenester vil få større plass i Skyss sitt mobilitetstilbod framover, seier Aleksander Bjorøy i Skyss, som er prosjektleiar for piloten. Han peiker på at Skyss har samla erfaring frå bestillingstilbodet «Hent meg» i Odda.

– Vi held fram arbeidet med å skaffe oss røynsle med det teknologiske potensialet. I denne piloten tilpassar vi tilbodet til eldre, seier Bjorøy og legg til at arbeidet vil skje i dialog med eldrerådet i Bergen kommune. 

Prosjektet for tilrettelagt dynamisk bestillingstransport er politisk behandla av fylkespolitikarane i Vestland og har fått politisk og økonomisk støtte. Den politiske saka finn du her

MUST LivingLab skal bidra med utforming av pilotprosjektet, etablering av Living Lab-metodar og innovasjonsfagleg kompetanse. Her er deira omtale av prosjektet