Sjølvkøyrande buss i Førde

No kan du reise med ein sjølvkøyrande buss som vi har sett i trafikk i Førde.

Om bussen

Bussen køyrer ei 2 kilometer lang sløyfe mellom Concord og HVL/Campus Verftet på Ytre Øyrane. Bussen går måndag til fredag kl. 8-17 med om lag tre avgangar i timen, og det er gratis å reise med den. Bussen har sitjeplass til seks passasjerar, og den er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Området der bussen går, hadde ikkje tilbod om offentleg transport frå før. 

Dette er eit prøveprosjekt der måla mellom anna er å lære om ny mobilitet og å involvere studentar og lokalt næringsliv. Prosjektet er samfinansiert av samarbeidspartnarane Skyss (prosjektleiar), Sunnfjord kommune, Høgskolen på Vestlandet (HVL), Helse Førde og sponsorane BKK og Enivest.

Tryggleik er viktig

Bussen er programmert til å følgje ei gitt rute. Den er utstyrt med ei rekkje sensorar der det vert nytta både radar- og laserteknologi. Heile området rundt bussen blir kontinuerleg skanna. Dersom ein gåande, syklist, køyretøy eller andre objekt kjem for nært, vil bussen stoppe. Den sjølvkøyrande bussen har lav fart, maks 16 km/t til å begynne med. Farten kan aukast etter kvart. I andre pilotprosjekt i Noreg er toppfarten 25 km/t.

Bussen har ein vert om bord, som kan overstyre bussen i situasjonar som bussen ikkje sjølv kan handtere. Verten kan også hjelpe og informere passasjerar.

Vy har kontrakten for busskøyringa. Bussen skal i første omgang køyre i Førde i fire månader. Etter piloten vil Skyss vurdere vidare bruk av sjølvkøyrande buss i rutetilbodet.

Fleire pilotar i Norge

Sjølvkøyrande teknologi er i stadig utvikling. Fleire aktørar har sett i verk testing og bruk av autonome køyretøy fleire stader i Norge, mellom anna i Stavanger, Oslo, Kongsberg, Drammen, Bærum, Trondheim og Herøya. Poenget med prosjekta er ikkje berre å teste sjølvkøyrande bussar på vegen, men også korleis ein kan få til god prosjektorganisering med fleire partar, gode forretningsmodellar, og å finne ut korleis ein kan utvikle nytteverdien for brukarar med ulike behov og i ulike geografiske samanhengar. 

Bussen heiter Olai

Den sjølvkøyrande bussen fekk namnet Olai etter ein namnekonkurranse. Bussen er kalla opp etter Førde si første bussjåfør, Olai J. Farsund. Olai vart tilsett i Fjordenes Automobilselskap i 1913, ein av forløparane til dagens Firda Billag. Namnet eminner oss om Førde si lange transporthistorie, samstundes som vi heidrer både den første sjåføren i Førde og alle våre andre, dyktige bussjåførar. Sjølv om denne bussen kan køyre av seg sjølv, veit vi at bussjåførar kjem til å spele ei viktig rolle i mange år framover.

Fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Sunnfjord Olve Grotle var dei første som fekk reise med den nye bussen.

Fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Sunnfjord Olve Grotle var dei første som fekk reise med den nye bussen.


Har du spørsmål?

Kontakt Skyss: kunde@skyss.no