Om Bybanen

Publisert: 09.03.2020 Oppdatert: 09.03.2020

For Bybanen har Skyss ansvar for planlegging av rutetider, billettar og prisar, billettsystem, marknadsføring og kundesenter.

Køyringa av Bybanen er konkurranseutsett. Siste anbodsperiode gjeld frå 01.07.2019, og det er Keolis Norge AS som har kontrakten. Keolis er arbeidsgjevar for førarane og utarbeidar skiftplanar. 

Bybanen AS handsamar anbodskonkurransar for Bybanen. Bybanen AS har òg ansvar for Bybanen sin infrastruktur, vogner og vedlikehaldsmateriell, og for den tekniske drifta av lystavlar og sanntidsinformasjon i vognene og på haldeplassane. Vestland fylkeskommune er heileigar av Bybanen AS. 

Bybanen AS 

Bybanen Utbygging er ansvarleg for planlegging, prosjektering og vidare utbygging av Bybanen. Bybanen Utbygging er ei eining i Vestland fylkeskommune. 

Bybanen utbygging 

Bybanen er ein del av Miljøløftet
Her finn du fleire bybanefakta