Om buss

Publisert: 09.03.2020 Oppdatert: 09.03.2020

Skyss planlegg rutetilbodet for busstrafikken og har ansvar for billettsystem, marknadsføring, ruteinformasjon og kundesenter.

Sjølve busskøyringa er konkurranseutsett. Kommersielle trafikkselskapa konkurrerer om å utføre køyringa i dei ulike ruteområda. Skyss handsamar anbodskonkurransane, tildeler kontraktar og følgjer opp kvaliteten på tilbodet.

Trafikkselskapa si oppgåve er å bringe dei reisande frå A til B. Trafikkselskapa kjøper inn og eig bussane, har arbeidsgjevaransvar for sjåførane og utarbeidar skiftplanar. 

Området Hordaland er delt inn i ti ruteområde, der desse trafikkselskapa har kontrakt på busskøyringa:

  • Sunnhordland: Tide Buss (02.07.2017–28.06.2026)
  • Hardanger og Voss: Tide Buss (16.08.2016-22.06.2025)
  • Modalen/Eksingedalen: Modalen Eksingedalen Billag (16.08.2016-22.06.2025)
  • Nordhordland: Vy Buss AS (16.08.2018–)
  • Bergen sør (inkl. Os og inkludert Austevoll fra 1.1.2020): Tide Buss (16.08.2019–15.08.2028)
  • Osterøy: Tide Buss (01.03.2011–01.03.2020)
  • Bergen nord: Tide Buss (01.10.2011–30.09.2020)
  • Bergen sentrum: Tide Buss (01.12.2011–30.11.2020)
  • Vest (Sotra/Øygarden/Askøy): Tide Buss AS (25.06.2019–)
  • Servicelinjene i Bergen: Osbuss (01.07.2013-30.06.2020)

Ruteområda i Hordaland er blitt konkurranseutsette etter tur sidan 2008. Nye anbodskonkurransar blir utlyste i god tid før kontraktane går ut.

Skyss har ikkje ansvar for kommersielle ruter som Flybussen og NOR-WAY Bussekspress (Øst-VestXpressen, Haukeliekspressen, Kystbussen, Fjordekspressen, Sognebussen).