Talet på kollektivreisande ned 35 prosent i Vestland i 2020

Reisetala for kollektivtrafikken i Vestland i 2020 vart sterkt påverka av covid-19-pandemien. Passasjerstatistikken syner ein gjennomsnittleg nedgang på 35 prosent for bybane og buss og 36 prosent for båt i Vestland. 

Stengde skolar, mykje bruk av heimekontor og redusert aktivitet i kultur- og samfunnsliv endra transportbehova i samfunnet, og mange endra reisevanar då befolkninga vart oppmoda av helsestyresmaktene til å unngå å reise kollektivt.

– Som forventa er passasjertala sterkt prega av pandemien. Difor har inntektskompensasjonen frå staten vore avgjerande for fylkeskommunen i ein situasjon med reduserte inntekter på grunn av færre reisande, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Variasjonar gjennom året

Detaljert statistikk syner at passasjertala for buss og bybane gjekk ned kvar gong det kom nye nasjonale og/eller lokale restriksjonar og smittevernstiltak, og noko opp i periodar der smittepresset var lågare og det var færre restriksjonar. Reisetala mellom mars og desember 2020 var likevel ikkje på noko tidspunkt i nærleiken av reisetala frå før pandemien. På det lågaste var ein nede i 10-20 prosent av normale reisetal, og på det høgaste oppe i 60-80 prosent. 

Samla for buss, båt og bybane var det nærare 54millionar påstigingar i heile Vestland i 2020, mot 82,5 millionar i 2019. Totalt føregjekk 84prosent av reisene i bergensområdet.  

I 2020 var det vel 12millionar påstigingar på Bybanen, ein markant nedgang frå 18,7 millionar i 2019. Bybanen utgjorde om lag 27prosent eller over ein fjerdedel av alle kollektivreisene i bergensområdet i 2020.

Båtrutene hadde i underkant av 1,2 millionar reisande i heile Vestland i 2020. Nedgangen var på over 600 000 påstigingar, eller om lag 36 prosent frå 2019 til 2020. Bybåtsambanda i Bergen: Askøybåten hadde litt over 35 prosent nedgang i 2020 samanlikna med 2019, medan Nordhordlandsbåten hadde ein nedgang på om lag 48 prosent for same periode.  

7,5 prosent nedgang på ferjene

Når det gjeld fylkesvegferjene i Vestland, vart reisetala litt mindre prega av nedgangen i den generelle mobiliteten. Talet på ferjereisande gjekk sterkt ned rett etter nedstenginga av samfunnet i mars 2020, men gjennomsnittet normaliserte seg sidan på eit litt lågare nivå enn normalt. Det vart i snitt frakta 6 prosent færre passasjerar og 7,5 prosent færre personbileiningar (PBE) med fylkesvegferjene i Vestland samanlikna med 2019. Variasjonen mellom sambanda er likevel svært stor, frå meir enn ti prosent auke til over 30 prosent nedgang, men dei aller fleste sambanda hadde nedgang. Størst nedgang vart registrert på sambanda Kinsarvik-Utne (-31 prosent) og Hisarøy-Mjånes (-27 prosent). Talet på personbileiningar på sambandet Skjersholmane-Ranavik auka på si side med 11 prosent, og på Husavik-Sandvikvåg med 7 prosent.

Trenden med aukande tal elbilar på ferjene held fram og synest upåverka av pandemien. Totalt sett for Vestland har prosentdelen elbilar på fylkesvegferjene auka frå 9 til 12,2 prosent i 2020. Størst prosentdel elbilar er registrert på sambandet Krokeide-Hufthamar, der meir enn kvar fjerde bil er elektrisk.

Ferjedrifta i fylket har svært god driftsregularitet, med eit gjennomsnitt utanom force majeure på 99,59 prosent.

Takkar reisande og tilsette

– Det er to grupper som fortener ein særleg takk etter eit krevjande 2020 for kollektivtrafikken: Dei tilsette i kollektivselskapa har stått på kvar einaste dag under pandemien, og dei reisande som har vist ansvar ved å tilpasse seg smittevern og ved å tilpasse reisevanane sine. Som alle andre lengtar eg no til normale tider, og gler meg til den dagen vi kan reise slik me gjorde før koronaen trefte oss, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Detaljerte tal:

Geografisk område

2019 

2020

Endring 2019-2020 

Bergensområdet 

69 804 000 

45 320 000

-35 % 

Vestland totalt 

82 503 000 

53 921 000

-35 % 

Transportmiddel

2019 

2020

Endring 2019-2020 

Buss 

62 045 000 

40 334 000

 -35 % 

Bybane 

18 655 000 

12 425 000

-33 % 

Båt 

1 803 000 

1 162 000

-36 % 

 

Geografisk fordeling

2019

2020

Prosent endring frå 2019

Bybane

18 655 000

12 425 000

-33 %

Buss Bergen kommune

46 153 000

29 465 000

-36 %

Buss bergensområdet

50 477 000

32 462 000

-36 %

Totalt bergensområdet*

69 804 000

45 320 000

-35 %

Buss Hordaland eks. bergensområdet

8 568 000

5 760 000

-33 %

Båt Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta)

672 000

433 000

-36 %

Båt Hordaland eks. Askøyruta

686 600

423 900

-38 %

Totalt Hordaland

79 058 600

51 503 900

-35%

*Inkl. kontraktsområda for buss Bergen nord, Bergen sør, Bergen sentrum og Vest, Bybanen og båt Kleppestø-Strandkaien

Buss Sogn og Fjordane

3 000 000

2 112 000

-30 %

Båt Sogn og Fjordane

444 577

305 991

-31 %

Totalt Sogn og Fjordane

3 444 577

2 417 991

-30 %

 

Passasjertal per transportform (heile Vestland)

2019

2020

Prosent endring frå 2019

Vestland buss

62 045 000

40 334 000

-35 %

Vestland bybane

18 655 000

12 425 000

-33 %

Vestland båt

1 803 177

1 162 891

-36 %

Vestland ferje

5 107 134

4 787 028

-6 %

Totalt Vestland

87 610 311

58 708 919

-33,0 %