Billegare periodebillettar for bybane og buss i Hordaland frå 15. januar

Fredag 15. januar set Skyss ned prisen på alle periodebillettar (7-, 30- og 180-dagar) for bybane og buss (inkl. Askøybåten) i tidlegare Hordaland.

Lågare prisar er eit resultat av byvekstavtalen, der regjeringa gjennom bompengeforliket har sett av pengar til billegare billettar på kollektivtrafikk i dei store byane. Gjennom Miljøløftet får bergensområdet 50 millionar i året i tilskot til dette i perioden 2020-2029. Fylkestinget har vedtatt at pengane skal brukast til å gjere periodebillettar (7-, 30- og 180 dagar) for buss og bybane billegare i heile Hordaland. 

Prisen blir også uendra for enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og ombordtillegget, og dermed blir det altså ingen takstauke i takt med konsumprisindeksen, som normalen er kvart år. 

Felles ungdomsbillett i heile Vestland

Frå 15. januar blir det også ein, felles ungdomsbillett som gjeld i heile Vestland fylke, i tråd med vedtak i fylkestinget i desember. I praksis tyder dette at Skyss ungdomsbillett blir gyldig i tidlegare Sogn og Fjordane, medan Kringom ungdomskort blir gyldig i tidlegare Hordaland. Prisen på ein 30 dagars ungdomsbillett blir 370 kroner, og går ned frå 400 (Skyss) og 375 (Kringom). Aldersgrensa for ungdomsbillett blir også samordna og vil gjelde for ungdom frå 16 til og med 20 år. Dette er ein auke med eitt år for kundar i tidlegare Sogn og Fjordane. 

Fleire felles løysingar på veg

Skyss og Kringom vart slått saman då Vestland fylke vart oppretta 1. januar 2020. Dei to tidlegare fylka har hatt mange ulike system for å administrere kollektivtrafikken, som det er eit omfattande arbeid å samordne. Arbeidet med dette vil halde fram utover i 2021. Felles billettprisar og takstsoner for buss i heile fylket er eitt av prosjekta som no står høgt på lista å få gjennomført. 

– Det er gledeleg at vi kan lansere felles ungdomsbillett som eit første steg, og så vil vi arbeide med å få resten av puslespelet på plass så snart vi kan, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss. 

Nye båtprisar

Båtbillettar i Vestland aukar frå 15. januar med 2,5 prosent, i takt med den generelle løns- og prisveksten i samfunnet (KPI). 

Oversikt over dei nye prisane som gjeld i Hordaland finst her