158 nye busser til Bergen

1. oktober starta den nye busskontrakten mellom Skyss og Tide Buss AS for Åsane, Arna og Osterøy inkludert linje 3, 4, 5 og 6.

Busskontrakten inneber 158 nye bussar for Bergen, 70 prosent kutt i klimagassar, lademoglegheitar i bussane og sanntid på Osterøy. Det blir foreløpig ingen endringar i rutetilbudet og bussanlegget som skal nyttast er på Haukås og Lonevåg.

Heilt ny busspark vil gi ein merkbar heving av komforten for dei reisande. Dei eldste av dagens bussar er frå forrige kontraktsoppstart i 2011. Den nye busskontrakten inneber fleire endringar som gjer bussane moderne og attraktive for dei reisande.

  •  USB-kontakt for lading ved alle dobbeltseter i samtlige busser
  • Sanntid blir innført i bussar på Osterøy som betyr oppdatert informasjon i reiseplanleggaren og Skyss Reise-app.
  •  Alle nye bussar blir utrusta med setebelte.

Ein miljørettet kontakt

Dei nye bussane er framtidsrettet og miljøvennlige. Politikerne har eit mål om at all kollektivtransport skal ha nullutslipp. Dermed er det viktig for Skyss å inngå ein avtale som kan være med på å nå det klimavennlige målet. Dette er noen av dei konkrete tiltakane:

·         All energi vert fornybar

·         Ein større del gassbussar gjer at størsteparten av den fornybare energien vert biogass

·         Biogass har enno lågare klimagassutslepp enn palmeoljefritt biodrivstoff

·         Bruk av biogass kan inngå i lokalbasert sirkulærøkonomi – vi tek i bruk biogass produsert hovudsakeleg av kloakkslam frå vår eigen region

·         Kutt av klimagassar er berekna til om lag 70 prosent samanlikna med forrige kontrakt

NB: På grunn av koronaviruset selges det for tiden ikkje billettar om bord og framdør er stengd. Sjå dei gjeldande smitteverntiltak for kollektivtrafikken her