Virksomhetsarkitekt

Skyss/Kringom - Digitale tenester, Vestland fylkeskommune.

Skyss/Kringom er midt i ei spennande endringsreise saman med nye Vestland. Vi skal skape ei ny mobilitetsaktør som bidrar til eit godt kollektivtilbod i heile det nye fylket. Vi spelar ei nøkkelrolle i overgangen til eit bærekraftig og mijøvenleg kollektivtilbod.

For å lukkast med dette treng vi databasert innsikt, eit faktagrunnlag som fortel oss om korleis tilbodet vårt fungerer og blir nytta, slik at vi kan ta gode avgjersler som skapar eit betre tilbod. Både mengde data og kompleksitet relatert til korleis data oppstår og blir brukt er i rask endring. Samstundes skal vi gjennom endringar for å straumlinjeforme, standardisere og effektivisere måten vi jobbar på. For å handtere dette er det viktig for oss å ha oversikt over verksemdsarkitekturen vår. 

Den nye kollektiveininga har kontorstader i Bergen, Leikanger og Førde. Fast arbeidsstad kan avtalast. Du må rekne med å måtte reise noko i samband med stillinga.  

Arbeidsoppgåver

Som vår nye verksemdsarkitekt skal du forvalte ei strukturert skildring av samanhengen mellom organisasjon, arbeidsprosessar, data/informasjonsflytar i desse prosessane og dei løysingar og teknologiar som vi nyttar. 

  • Forvalte verksemdsarkitektur, prinsipp og metodikk
  • Bidra i å kartlegge og analysere forretningsprosessar, data/informasjon og tenester
  • Sikre godt samsvar mellom behov, våre prinsipp, kapabilitetar/evner og felles målbilde
  • Vera bindeleddet mellom forskjellige fagmiljø som forvaltar og utviklar dei løysingar som vi har i dag
  • Vera pådrivar for at vi får fokus på vår eigen arkitektur i organisasjonen
  • Bidra i relevante nasjonale og internasjonale samarbeidsarenaer
Kvalifikasjonar

Du har:

  • Relevant høgre utdanning på masternivå innan informasjonsvitenskap og/eller informatikk. Dokumentert lang og relevant erfaring kan kompensere for dette kravet.
  • Relevant arbeidserfaring som syner erfaring frå fleire fasar i utvikling/digitaliseringsprosjekt
  • Forståing for forretningsprosessar og komplekse verdikjeder
  • Gode språklege ferdigheiter og evne til å utarbeide skriftleg dokumentasjon

Du bør ha:

  • Erfaring med relevante metodikkar og som modelleringsteknikkar, slik som TOGAF og Archimate
  • Erfaring med systemutvikling, database eller dataanalyse
  • Erfaring med store distribuerte it-løysingar
  • Interesse og engasjement for mobilitet og kollektivtransport
Personlege eigenskapar
Visjonen til Vestland fylkeskommune er at vi skal vera nyskapande og berekraftig, med verdiane kompetent, open og modig. Vi er ute etter deg som er god til å lytte på andre sine behov og forklaringar, open for at det kan kome nye idear og impulsar, samstundes som god innsikt i korleis teknologi fungerar og korleis den kan påverke oss til å kunne vera modig nok til å påverke andre til å tenke nytt og innvoativt når vi treng å vera nyskapande.  
Vi tilbyr
  • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid

Anna informasjon

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. 
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. 
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon: Leiar Digitale tenester, Rune Kjørlaug, tel 95116354, epost: Rune.Kjorlaug@skyss.no

Heltid/Deltid: Heltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100

Søknadsfrist: 01.07.2020

Søk stillinga her