Rådgjevar skoleskyss

Vestland fylkeskommune har som ei av sine oppgåver å arbeide for eit best mogleg kollektivtilbod i fylket. No treng vi fleire med på laget. Søk på den ledige stillinga som rådgjevar i avdelinga Transporttilbod i Skyss/Kringom. Søknadsfrist 18. oktober.

  • Søknadsfrist: 18. oktober
  • Stad: Sandsli i Bergen, Vestland fylkeskommune
  • Stillingsprosent: 100 % 

Skyss/Kringom planlegg og marknadsfører kollektivtransporttenester for buss, bybane, båt og ferje, og sørger for skoleskyss til eit stort antal elevar. Vårt arbeid påvirkar kvardagen til mange menneske og vi har stor respekt for oppgåva. 

Skyss/Kringom skal sørge for transport til elevar i Vestland som av ulike grunnar har rett på skoleskyss. Kvart år handsamar vi søknader om skyss, og sørger for transport for rundt 27 000 elevar med buss og drosje. I arbeidet inngår mykje kontakt med kommunar, skoler, transportselskap og foreldre/elevar. 

Stillinga er knytt til avdeling Transporttilbod i Skyss/Kringom. Avdelinga er inndelt i tre faggrupper, rådgjevaren vil tilhøyre faggruppe skoleskyss.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet knytt til skoleskyss følger i stor grad eit årshjul knytt til skoleåret, med ulike oppgåver og arbeidsbelasting gjennom året. Viktige oppgåver for faggruppa er:
    • Handsaming av søknadar om skoleskyss (vedtak etter forvaltningslova) og klagar
    • Dialog med skulane om transporttilbodet, retningslinjer og fristar
    • Dialog med kommunane
    • Førstelinjekontakt med brukarar (skoler, foreldre, elevar)
    • Utarbeide transportbestillingar til transportselskapa som er våre leverandørar på individuelt tilrettelagt skoleskyss
    • Oppfølging av kontraktar med transportselskapa og deira leveransar
  • Oppgåver for rådgjevaren vil spesielt vere knytt til
    • Ulike utgreiings- og forbetringsoppgåver
    • Sakshandsaming
    • Støtte for leiar av faggruppa i ei periode med meirbelasting som følge av konsekvensar av Covid-19 for skuleskyssen

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde, t.d. jus, økonomi, samferdsel eller samfunnsvitskaplege fag
  • God skriftleg framstillingsevne på nynorsk
  • Erfaring og/eller kjennskap til offentleg forvalting/sakshandsaming er ein fordel
  • Erfaring og/eller kjennskap til relevant lovverk som Opplæringslova og Forvaltningslova er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Evne til å setje seg raskt inn i komplekse problemstillingar, og utforme løysingsalternativ
  • Strukturert og ryddig arbeidsform
  • Jobbe målbevisst og sjølvstendig – leverer som avtalt
  • Samarbeidsevne, vilje og evne til å dele kunnskap og involvere andre

Vi tilbyr

  • Arbeid i eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • Varierte oppgåver med stor samfunnsnytte og betydning i kvardagen for mange

Andre opplysningar:

  • Engasjementet varer ut juni 2021, med moglegheit til forlenging inntil eitt år
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Søk på stillinga her