Rådgjevar - informasjonskoordinator

Har du lyst å arbeide med nettsidene for mobilitetseininga i Vestland fylkeskommune?

Skyss/Kringom har eit ledig vikariat i rolla informasjonskoordinator fram til utgangen av fyrste kvartal 2021 i vår faggruppe Informasjon og marknadsføring i avdeling Kundeopplevingar.

Skyss og Kringom blei frå starten av 2020 slått saman til ei felles mobilitetseining, og i løpet av 2020 vil eit felles merkenamn avgjerast. I vikariatsperioden skal nye felles nettsider betrast med utgangspunkt i kunden sitt behov for mobilitet i heile Vestland fylkeskommune. Dette har du no anledning til å vere med på!

Arbeidsstad vil vere Bergen, Førde eller Leikanger.

Arbeidsoppgåver

Om du vert tilset i vikariatet ønskjer vi at du deltar i prosjektarbeid med forbetring av nettsidene. Dette inneberer arbeid med å forstå og forbetre kundereisa til dei ulike brukargruppene gjennom innsikt og arbeid med brukaropplevingar slik at både kundens informasjonsbehov og korleis kundane finner svar, blir gjort på ein kundevenleg måte. Det inneberer også arbeid med nettsidene kringom.no og skyss.no for å vurdere kva som skal vidareførast og produksjon av framtidig innhald.

Andre aktuelle arbeidsoppgåver vil vere informasjon til kollektivreisande gjennom alle relevante kanalar som til dømes nettsider, SOME, plakatar, skilt, informasjonssøyler og skjermar i bussar, bybane, båtar, ferjer, haldeplassar og terminalar, samt bidra i marknadsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning og erfaring
  • Kundeforståing
  • Prosjektarbeid og prosjektleiing
  • Gode ferdigheiter i bruk av relevante dataverktøy
  • Det er ønskjeleg med utdanning og erfaring innan tenestedesign og brukaropplevingar (UX).

Personlege eigenskapar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne – nynorsk er administrasjonsspråket og nettsider skal også være på engelsk
  • God på å samarbeide, lytte og bygge tillitsfulle relasjonar, internt og eksternt
  • Strukturert, god på heilskapleg planlegging og gjennomføring
  • Handlekraftig og løysingsorientert
  • Vise ansvar og ta eigarskap
  • Brennande engasjement for gode kundeopplevingar– vere kundens ambassadør

Vi tilbyr

Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar.

Andre opplysningar 

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om Skyss/Kringom

Skyss/Kringom er Vestland fylkeskommunes administrasjonseining som planleggar, kjøper og marknadsføre kollektivtransporttenester som Vestland fylkeskommune har ansvar for. Skyss/Kringom tildeler kontrakter for kjøring av bussrutene, Bybanen, båt og ferje til trafikkselskapa etter konkurranse. I tillegg er Skyss/Kringom sine oppgåver ruteplanlegging, utvikling av billettsystem, kundeservice, informasjon og marknadsføring av kollektivtilbodet.

Om avdeling Kundeopplevingar

Kundeopplevingar skal gjere det enkelt og attraktivt å velje kollektiv- og mobilitetsreiser framfor privatbil. Avdelinga har som mål å sikre påliteleg, oppdatert og relevant informasjon i alle kanalar der me møter kundar i Vestland. Avdelinga si innsikt i kundane sine behov skal nyttast til kontinuerleg forbetring og utvikling av løysingar og informasjon som skapar gode og tenlege reiseopplevingar i dag og i framtida. Innsikta frå avdelinga skal danne grunnlag for alle avgjerder i resten av organisasjonen.

Om faggruppe Informasjon og marknadsføring

Vi skal med aktiv, målretta og relevant informasjon og marknadsføring av kollektiv- og mobilitetsløysingane gjere det enkelt og attraktivt for kundar i Vestland å reise grønt - den smartaste måten å reise på. Informasjon og marknadsføring skal skje i kanalane vi til ei kvar tid møter kundane og har som mål at stadig fleire kundar skal ta i bruk digitale kanalar.

Søknadsfrist: 31.05.2020

Stillingsprosent: 100

Sluttdato: 31.03.2021

Kontaktperson: 
Lars Severin Skeide
faggruppeleiar
952 33 447

SØK PÅ STILLINGA