Leiar for skoleskyss

Vil du arbeide med skoleskyss til elevar i Vestland?

Skyss arbeider for eit best mogleg kollektivtilbod i fylket. Vi utviklar, planlegg og marknadsfører kollektivtransporttenester for buss, bybane, båt og ferje. Vi sørger også for transport til rundt 27 000 elevar i Vestland som av ulike grunnar har rett på fri skoleskyss. Vårt arbeid påverker kvardagen til mange menneske og vi har stor respekt for oppgåva. No treng vi ein ny leiar med på laget!

Vi skal rekruttere ein leiar for arbeidet med skoleskyssen. I arbeidet inngår vurderingar av kven som har rett til fri skoleskyss, og å sørge for transporten. Vi har mykje kontakt med kommunar, skolar, transportselskap, foreldre og elevar, og vil heile tida utvikle og forbetre våre tenester. Vi treng ein leiar som kan styrke og bidra til utvikling av vårt arbeid med skoleskyssen.

Arbeidsstad er Bergen. Skyss i Bergen er midlertidig lokalisert på Sandsli i påvente av nye lokaler i sentrum som etter planen skal stå klare i februar 2023.

Arbeidsoppgåver

Som leiar for faggruppa skoleskyss vil du jobbe med drift og utvikling av arbeidet med den lovfesta retten til skoleskyss. Dette er eit tett samarbeid mellom avdelingsleiar, faggruppa og andre kompetansemiljø i Skyss. 

Arbeidet med skoleskyss følger eit årshjul med ulike oppgåver knytt til skoleåret. Viktige oppgåver for faggruppa er:

  • Handsaming av søknader om skoleskyss (vedtak etter forvaltningslova) og klager
  • Dialog med skolane om transporttilbodet, retningslinjer og fristar
  • Dialog med kommunane
  • Førstelinjekontakt med brukarar (skolar, foreldre, elevar)
  • Utarbeiding av bestillingar til transportselskap
  • Oppfølging av kontraktar med transportselskap og deira leveransar 

Forbetring og utvikling av tenestene våre, arbeidsprosessar og system er ei sentral oppgåve framover. Det er potensiale for automatisering og betre digitale løysingar både for våre brukarar og for internt arbeid. Det er også behov for gode prosessar for å halde kostnadsveksten på området nede.

Leiar for faggruppa vil ha personalansvar for medarbeidarane i gruppa og bidra til godt samarbeid med andre fagmiljø i organisasjonen.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde, t.d. jus,
    økonomi, samferdsel eller samfunnsvitskaplege fag
  • Grunnleggande økonomisk kompetanse
  • Forståing for korleis digitalisering og store datamengder gjev nye moglegheiter for arbeidsprosessar
  • God formidlingsevne, skriftleg og muntleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskeleg
  • Kunnskap om regelverk og retningslinjer innan skoleskyss er ein fordel
  • Erfaring innan kollektivtransport eller andre transport- og logistikkområde er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er

  • strukturert og systematisk
  • samarbeider, deler kunnskap og involverer
  • er open, fleksibel og engasjert
  • har fokus på kvalitet og forbetring av arbeidsprosessar, rutinar ol.
  • har pågangsmot i møte med krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad 
  • Eit engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer 
  • Moglegheit for å utvikle seg fagleg
  • Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 

Om arbeidsgiveren

Skyss utviklar framtidas reiseoppleving, og skal tilby attraktiv mobilitet og bidra til berekraftige byar og bygder i Vestland. Skyss har som mål å gje den enkelte moglegheit for å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Dette gjer dei ved å utvikle og tilby kollektiv- og mobilitetstenester. I dag omfattar det buss, bybane, ferje og båt i heile Vestland fylke.  Skyss sitt arbeidsfelt vil gå igjennom store endringar i åra som kjem. Vi arbeider aktivt med bidrag til å nå klimamåla i Parisavtalen, og gjennomgår ein forretningsmessig og digital transformasjon som gjev moglegheiter for å sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få til dette må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og framtidas mobilitetstilbod. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune med om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Søknadsfrist: 30.11.2021

Ansettelsesform: Fast

Arbeidsstad: Bergen

Spørsmål om stillingen
Kontakt avdelingsleiar Gudrun Einbu på telefon 991 58 084

Søk stillinga her