Dataforvalter

Skyss/Kringom - Digitale tenester, Vestland fylkeskommune

Skyss/Kringom er midt i ei spennande endringsreise saman med nye Vestland. Vi skal skape ei ny mobilitetsaktør som bidrar til eit godt kollektivtilbod i heile det nye fylket. Vi spelar ei nøkkelrolle i overgangen til eit bærekraftig og mijøvenleg kollektivtilbod.

For å lukkast med dette treng vi databasert innsikt, eit faktagrunnlag som fortel oss om korleis tilbodet vårt fungerer og blir nytta, slik at vi kan ta gode avgjersler som skapar eit betre tilbod. Både mengde data og kompleksitet relatert til korleis data oppstår og blir brukt er i rask endring, og det å ha kapasitet og kompetanse til å forvalte dette er ei føresetnad for at vi skal kunne levere mobilitet på nye og meir effektive måtar. Vi ynskjer difor å styrke teamet som jobbar med dataforvaltning. 

Den nye kollektiveininga har kontorstader i Bergen, Leikanger og Førde. Fast arbeidsstad kan avtalast. 

Arbeidsoppgåver
  • Drift, forvaltning og utvikling av BI-/datavarehusmiljøet i Skyss
  • Sikre datakvalitet, driftsstabilitet og god dokumentasjon
  • Bidra med faglig støtte, statistikk og analyser internt og eksternt.
  • Bidra med samarbeid mellom kollektivselskap i Norge i forhold til korleis nytte og utvikle BI/data-området.
Kvalifikasjonar

Du har:

  • Høgre utdanning innenfor IT-fag (Master/hovedfag). Dokumentert lang og relevant erfaring kan kompensere for dette kravet.
  • Kompetanse og erfaring fra operativ drift og bruk av databaser som MS-SQL og Oracle
  • Dokumentert erfaring med BI miljø og datavarehus management, f.eks. BI-verktøy som Microsoft’s Power BI
  • God forståing av datamodellar og analyse av data, f.eks dokumentert erfaring med SQL.
  • Gode språklege ferdigheiter og evne til å utarbeide skriftleg dokumentasjon

Du bør ha:

  • Kjennskap til sky-tenester som t.d. Azure
  • God forståing  for systemarkitektur og integrasjonar
  • God forståing for IT som driver for forretningsutvikling
  • Kjennskap til ulike arbeidsmetodikkar og praktisering av rammeverk, som til dømes ITIL, Togaf og Archimate
Personlege eigenskapar
Strukturert, kompetent, sjølvstendig og med god evne til å gjennomføre dei oppgåver som du har ansvar for.
Vi tilbyr
  • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid

Anna informasjon

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. 
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. 
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Kontaktinformasjon: Leiar Digitale tenester, Rune Kjørlaug, tel 95116354, epost: Rune.Kjorlaug@skyss.no

Heltid/Deltid: Heltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100

Søknadsfrist: 01.07.2020

Søk stillinga her