Om universell utforming

Skyss arbeider for å sikre at kollektivtilbodet er universelt utforma. Dette vil seie fysisk tilrettelegging slik at alle i så stor grad som mogeleg skal kunne nytte bussar, båtar, haldeplassar og salskontor på eigenhand, anten dei er eldre, rullestolbrukarar, gravide, blinde/svaksynte eller har med seg barnevogn. 

I anbodskontraktane for buss- og båt-trafikken i Hordaland har Skyss i samsvar med lova stilt krav om at køyretøy og fartøy som blir nytta, skal vere universelt utforma.