Personvernerklæring – Registrerte Skysskort

Hordaland Fylkeskommune ved Skyss har ansvaret for lagring og bruk av personopplysningane dine som blir samla inn i samband med bestilling og bruk av registrerte Skysskort.

Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere deg. Under finn du meir informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysningane dine og kva rettar du har overfor Skyss.

Føremål

Føremålet med Skyss si behandling av personopplysningar er å tilby deg som reiser ein enkel og sikker måte å kjøpe billettprodukt på, sikre at du blir trekt for rett pris i høve til bruken, tilby ulike billettypar, og erstatte eventuelle billettar på tapte Skysskort og kunne gje refusjon ved tap av Skysskort.

Grunnlag for behandling

Skyss må ha eit rettsleg grunnlag for å behandle personopplysningane dine i samband med registrerte Skysskort.

Det er nødvendig å behandle personopplysningane dine for å oppfylle tenesteavtalen som blir inngått mellom deg og Skyss når du bestiller eit registrert Skysskort og godtek avtalevilkåra, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 b).

Det er frivillig å bruke registrerte Skysskort og å gje dei opplysningane som er nødvendige for å bruke kortet. Dersom du ikkje ønskjer at Skyss skal behandle personopplysningar om deg, kan du i staden velje eit uregistrert (anonymt) Skysskort. Du kan leggje inn dei same billettypane på eit uregistrert Skysskort, og billetten kostar ikkje noko ekstra. Merk at det ikkje blir gjeve refusjon ved tap av eit uregistrert Skysskort.

Kva for personopplysningar behandlar Skyss?

Når du bestiller eit registrert Skysskort, samlar Skyss inn namn, fødselsdato, adresse og e-postadresse og lagrar opplysningane.

I det registrerte Skysskortet lagrar Skyss billettype og gyldigheitsperioden som ligg på kortet (periodebillettar, enkeltbillettar eller reisepengar) og betalingshistorikken.

Skyss vil òg lagre opplysningar om reisehistorikk som blir genererte når Skysskortet blir brukt. Lagring av reisehistorikk avheng av at du validerer kortet når du stig på. Det er frivillig å validere Skysskortet ved påstiging. Reisehistorikken inneheld opplysningar om stoppestaden der du gjekk på bussen/Bybanen/båten, datoen og tidspunktet for påstiginga, kortnummeret, kva for ein billettype som blei brukt, og prisen for kvar enkelt reise.

Skyss brukar berre reisehistorikken saman med dei andre personopplysningane dine dersom du reklamerer på Skysskortet eller i samband med andre førespurnader frå deg. Skyss brukar ikkje reisehistorikken saman med dei andre personopplysningane dine for å produsere statistikk eller ved avrekning med samarbeidande selskap, og normalt heller ikkje ved feilsøking.

Kjelder til personopplysningar

Alle personopplysningar som blir behandla i samband med registrerte Skysskort, blir innhenta frå deg.

Utlevering til tredjepartar

Skyss utleverer ikkje personopplysningane dine til tredjepartar utan at det finst rettsleg grunnlag, til dømes ei rettsavgjerd eller skriftleg ordre frå påtalemakta.

Anonymisert reisehistorikk kan bli brukt til statistiske føremål. Anonymiserte data er ikkje rekna for personopplysningar, og kan såleis utleverast til tredjepartar.

Tilgang til personopplysningar

Personopplysningar som blir behandla om deg, vil berre vere tilgjengelege for autorisert personell hos Skyss som treng opplysningane i tenesta.

Lagring og sletting

Alle dataa blir lagra i Noreg, og serverane blir drifta av personell i Noreg. Alle dataa vi lagrar, blir oppbevarte i samsvar med den gjeldande lovgjevinga. Skyss jobbar etter prinsippa for innebygd personvern og personvern som standardinnstilling. I dette ligg mellom anna at vi ikkje skal oppbevare personopplysningane dine lenger enn det som er nødvendig for å oppfylle føremålet med tenesta.

Reisehistorikk

Reisehistorikken din blir lagra i 104 dagar. Etter 104 dagar blir den anonymisert ved at koplinga mellom det registrerte Skysskortet og personopplysningane dine blir fjerna.

Betalingshistorikk

All salsdokumentasjon blir oppbevart i fem år etter slutten på rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrift.

Basisinformasjon

Namn, fødselsdato, adresse og e-postadresse som blir henta inn i samband med bestillinga av eit registrert Skysskort, blir lagra så lenge du som kunde brukar kortet aktivt.

Basisinformasjonen blir sletta når kortet ikkje har vore i bruk på tre år. Skysskortet vil då bli sperra og eventuell restverdi på kortet blir nullstilt.

Tryggleik

Skyss har implementert informasjonstryggleikstiltak og interne rutinar for å verifisere at ingen personopplysningar kjem på avvegar eller blir brukte til andre føremål enn dei det er opplyst om i denne personvernerklæringa. 

Rettane dine overfor Skyss

Du har rett til å bli informert om Skyss si behandling av personopplysningane dine. Difor er denne personvernerklæringa alltid tilgjengeleg på heimesida vår.

Retten til innsyn

Du kan be om informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysningane dine, inkludert informasjon om kvifor, kvar vi har henta personopplysningane frå, kva for kategoriar av personopplysningar Skyss behandlar, kven Skyss leverer ut personopplysningar til og kor lenge Skyss lagrar personopplysningane dine.

All informasjonen som er lista opp over, finn du her i denne personvernerklæringa. Du kan òg be om ein kopi av personopplysningane som Skyss behandlar om deg.

Retten til korrigering

Du kan be om at personopplysningar som er galne eller ufullstendige, blir retta eller supplerte.

Retten til sletting

Du kan be Skyss om å slette personopplysningane dine dersom visse vilkår er oppfylte, til dømes dersom Skyss har behandla personopplysningane dine på ulovleg vis eller lenger enn nødvendig.

Retten til avgrensa behandling

Du kan krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa dersom du ikkje godtek at dei er rette, at behandlinga er lovleg eller nødvendig, eller dersom du har protestert mot behandlinga og Skyss har godteke protesten.

Behandlinga blir avgrensa frå protesten er levert og så lenge som det tek Skyss å vurdere protesten. Dersom behandlinga skal avgrensast, har Skyss berre lov til å lagre dei avgrensa personopplysningane og treng ditt samtykke til anna behandling. Dette gjeld med mindre Skyss må behandle personopplysningane i samband med juridiske saker, for å verne andre sine rettar eller dersom behandlinga er av offentleg interesse.

Retten til å protestere

Du kan protestere mot behandlinga av personopplysningane dine dersom du meiner at Skyss ikkje har rett til å behandle personopplysningane dine. I slike tilfelle kan Skyss berre halde fram med behandlinga dersom Skyss kan vise til rettkomen interesse som veg tyngre enn interessene, rettane og fridomane dine. Skyss kan uansett behandle personopplysningane dine dersom slik behandling er lovpålagd eller nødvendig for å fastsetje, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav.

Retten til dataportabilitet

Du kan be om at personopplysningane du har overlevert til Skyss for behandling på grunnlag av ditt samtykke eller for å oppfylle ein kontrakt du er part i, blir sende til deg i eit strukturert, vanleg og maskinlesbart format. Du har òg rett til å be om at Skyss overfører slik informasjon til ein annan behandlingsansvarleg. 

Retten til å klage til Datatilsynet

Dersom du er misnøgd med Skyss sitt svar eller meiner at Skyss behandlar opplysningane dine i strid med personvernregelverket, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om klageprosedyren finn du her.

Kontaktinformasjon

Bruk kontaktskjemaet her  dersom du har spørsmål om Skyss si behandling av personopplysningane dine eller du ønskjer innsyn, korrigering, sletting, avgrensa behandling eller dataportabilitet.