Personvernerklæring – Billettkontroll

Hordaland Fylkeskommune ved Skyss har ansvaret for lagring og bruk av personopplysningane dine som blir samla inn i samband med at vi krev inn tilleggsavgift for ugyldig reisebevis.

Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere deg. Under finn du meir informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysningane dine og kva rettar du har overfor Skyss.

Føremål

Kundar som ikkje kan vise fram gyldig reisebevis, skal betale ei tilleggsavgift. Dette følgjer av § 4 i transportvedtektene til Skyss, jf. yrkestransportlova § 33. Føremålet med Skyss si behandling av personopplysningar er å sikre at tilleggsavgifter blir drivne inn ved bruk av fakturaer, som blir utferda anten via Vipps eller i papirformat.

Grunnlag for behandling

Skyss må ha eit rettsleg grunnlag for å behandle personopplysningane dine i samband med innkrevjing av tilleggsavgift.

Det rettslege grunnlaget for Skyss si behandling er rettkomen interesse, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f) jf. transportvedtektene § 4.

Kva for personopplysningar behandlar Skyss?

Dersom det blir oppdaga i kontrollen at du har ugyldig reisebevis og tilleggsavgifta ikkje blir betalt på staden, vil Skyss behandle desse personopplysningane om deg: namn, adresse, telefonnummer, fødselsnummer, staden der kontrollen blei utført, og tidspunktet for kontrollen og ilegginga av tilleggsavgift.

For kontrollerte under 15 år som reiser utan gyldig reisebevis, vil vi òg behandle namna på deira føresette.

Dersom du klagar på ei tilleggsavgift du har blitt ilagd, vil Skyss òg behandle alle personopplysningar som kjem fram i klaga og eventuelle vedlegg til klaga.

Kjelder til personopplysningar

Alle personopplysningar som blir behandla i samband med at det blir kravd inn tilleggsavgift og klager blir innhenta frå deg.

Databehandlar

Securitas AS gjennomfører kontrollar og registrerer tilleggsavgift på vegner av Skyss.

Lindorff AS utferdar fakturaer og krev inn tilleggsavgift på vegner av Skyss.

Både Securitas AS og Lindorff AS behandlar personopplysningane dine på vegner av Skyss og blir difor rekna for databehandlarar. Eigne databehandlaravtaler regulerer korleis Securitas AS og Lindorff AS behandlar personopplysningane dine. Databehandlaravtalene sikrar at personopplysningane dine blir behandla i samsvar med denne personvernerklæringa.

Utlevering til tredjepartar

Skyss utleverer ikkje personopplysningane dine til tredjepartar utan at det finst rettsleg grunnlag, til dømes ei rettsavgjerd eller skriftleg ordre frå påtalemakta.

Tilgang til personopplysningar

Personopplysningar som blir behandla om deg, vil vere tilgjengelege for autorisert personell hos Securitas AS, Lindorff AS og Skyss som treng opplysningane i tenesta.

Lagring og sletting

Alle dataa blir lagra i Noreg og Finland, og serverane blir drifta av personell i desse landa. Alle dataa vi lagrar, blir oppbevarte i samsvar med den gjeldande lovgjevinga. Skyss jobbar etter prinsippa for innebygd personvern og personvern som standardinnstilling. I dette ligg mellom anna at vi ikkje skal oppbevare personopplysningane dine lenger enn det som er nødvendig for å oppfylle føremålet med tenesta.

Personopplysningar som blir behandla i samband med utferding av faktura og innkrevjing av tilleggsavgift, blir oppbevarte i samsvar med bokføringslova § 13 og tilhøyrande forskrift.

Personopplysningar som blir behandla i samband med klager på ilagd tilleggsavgift, blir lagra i samsvar med offentleglova og arkivlova.

Tryggleik

Securitas AS, Lindorff AS og Skyss har implementert informasjonstryggleikstiltak og interne rutinar for å verifisere at ingen personopplysningar kjem på avvegar eller blir brukte til andre føremål enn dei det er opplyst om i denne personvernerklæringa.

Rettane dine overfor Skyss

Du har rett til å bli informert om Skyss si behandling av personopplysningane dine. Difor er denne personvernerklæringa alltid tilgjengeleg på heimesida vår.

Retten til innsyn

Du kan be om informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysningane dine, inkludert informasjon om kvifor, kvar vi har henta personopplysningane frå, kva for kategoriar av personopplysningar Skyss behandlar, kven Skyss leverer ut personopplysningar til og kor lenge Skyss lagrar personopplysningane dine.

All informasjonen som er lista opp over, finn du her i denne personvernerklæringa. Du kan òg be om ein kopi av personopplysningane som Skyss behandlar om deg.

Retten til korrigering

Du kan be om at personopplysningar som er galne eller ufullstendige, blir retta eller supplerte.

Retten til sletting

Du kan be Skyss om å slette personopplysningane dine dersom visse vilkår er oppfylte, til dømes dersom Skyss har behandla personopplysningane dine på ulovleg vis eller lenger enn nødvendig.

Retten til avgrensa behandling

Du kan krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa dersom du ikkje godtek at dei er rette, at behandlinga er lovleg eller nødvendig, eller dersom du har protestert mot behandlinga og Skyss har godteke protesten.

Behandlinga blir avgrensa frå protesten er levert og så lenge som det tek Skyss å vurdere protesten. Dersom behandlinga skal avgrensast, har Skyss berre lov til å lagre dei avgrensa personopplysningane og treng ditt samtykke til anna behandling. Dette gjeld med mindre Skyss må behandle personopplysningane i samband med juridiske saker, for å verne andre sine rettar eller dersom behandlinga er av offentleg interesse.

Retten til å protestere

Du kan protestere mot behandlinga av personopplysningane dine dersom du meiner at Skyss ikkje har rett til å behandle personopplysningane dine. I slike tilfelle kan Skyss berre halde fram med behandlinga dersom Skyss kan vise til rettkomen interesse som veg tyngre enn interessene, rettane og fridomane dine. Skyss kan uansett behandle personopplysningane dine dersom slik behandling er lovpålagd eller nødvendig for å fastsetje, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav.

Retten til å klage til Datatilsynet

Dersom du er misnøgd med Skyss sitt svar eller meiner at Skyss behandlar opplysningane dine i strid med personvernregelverket, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om klageprosedyren finn du her.

Kontaktinformasjon

Bruk kontaktskjemaet her dersom du har spørsmål om Skyss si behandling av personopplysningane dine eller du vil be om innsyn, korrigering, sletting eller avgrensa behandling.