Om snøggbåt

Skyss har ansvar for i alt 6 rutepakkar (kontraktar) knytt til snøggbåtrutar og lokalbåtrutar i Hordaland. Alle er anbodsutsett. Det er tre nettokontraktar som medfører at operatøren sjølv har inntektsansvaret og ansvar for ruteinformasjon, marknadsføring og billettsystem. I tillegg har Skyss tre bruttokontraktar som medfører at Skyss har inntektsrisikoen og ansvaret for ruteplanlegging, marknadsføring og billettsystem.

Snøggbåt- og lokalbåtruter (bruttokontrakt):

  • Sunnhordland-Austevoll-Bergen (Sunnhordlandsruta): Norled AS (01.01.2014 - 31.12.2023) 
  • Austevoll: Norled AS (01.01.2014 - 31.12.2023)
  • Knarvik-Frekhaug-Bergen (Nordhordlandsruta): Norled AS (01.01.2014 - 31.12.2018)
  • Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta): Norled AS (01.01.2018 – 31.12.2021+1)

Snøggbåtruter (nettokontrakt):

  • Kvinnherad-Bergen: L. Rødne & Sønner AS (01.01.2014 - 31.12.2023)
  • Reksteren-Våge-Os: L. Rødne & Sønner AS (01.01.2014 - 31.12.2023)
  • Espevær-Eidesvik: GulenSkyss AS (01.01.2014 - 31.12.2023)
  • Hellesøy-Hernar: GulenSkyss AS (01.01.2014 - 31.12.2023)
  • Turistrute Hardanger: Norled AS (01.01.2014 - 31.12.2019)

I tillegg administrerer Skyss løyva for nokre lokale båtruter:

  • Geitanger
  • Osterfjorden  
  • Åkrafjorden