Om økonomiske rammer

Skyss organiserer kollektivtrafikken innanfor avgrensa økonomiske rammer. Det er fylkespolitikarane som vedtek budsjetta.

Normalt dekkjer billettinntektene berre ein del av kva kollektivtrafikken kostar å drifte. Når du kjøper billett på buss, båt eller bane, betalar du difor eigentleg berre ein eigendel, mens fylkeskommunen betalar resten.

I Hordaland dekkjer til dømes dei totale billettinntektene for buss berre om lag 40 prosent av kostnadene. Dersom Skyss skal setje opp fleire bussavgangar, må det difor enten setjast av meir pengar på offentlege budsjett, eller så må vi redusere tilbodet ein annan stad.

Eit av måla med ruteomleggingane i busstrafikken dei siste åra, er å utnytte dei økonomiske midlane mest mogleg effektivt.