Om buss

Skyss planlegg rutestrukturen for busstrafikken i heile fylket og har ansvar for billettsystem, marknadsføring, ruteinformasjon og kundesenter.

Sjølve busskøyringa er konkurranseutsett. Trafikkselskapa konkurrerer om å utføre køyringa i dei ulike ruteområda. Skyss handsamar anbodskonkurransane, tildeler kontraktar og følgjer opp kvaliteten på tilbodet.

Trafikkselskapa si oppgåve er å bringe dei reisande frå A til B. Trafikkselskapa kjøper inn og eig bussane, har arbeidsgjevaransvar for sjåførane og utarbeidar skiftplanar.

Hordaland er delt inn i ti ruteområde, der desse trafikkselskapa har kontrakt på busskøyringa:

Austevoll: Tide Buss (01.01.2013–31.12.2019)
Sunnhordland: Tide Buss (02.07.2017–28.06.2026)
Hardanger og Voss: Tide Buss (16.08.2016-22.06.2025)
Modalen/Eksingedalen: Modalen Eksingedalen Billag (16.08.2016-22.06.2025)
Nordhordland: Nettbuss (16.08.2018–)
Bergen sør (inkl. Os): Tide Buss (16.08.2010–15.08.2019)
Osterøy: Tide Buss (01.03.2011–01.03.2020)
Bergen nord: Tide Buss (01.10.2011–30.09.2020)
Bergen sentrum: Tide Buss (01.12.2011–30.11.2020)
Vest (Sotra/Øygarden/Askøy): Nettbuss (25.06.2012–24.06.2019)
Servicelinjene i Bergen: Osbuss (01.07.2013-30.06.2020)

Ruteområda er blitt konkurranseutsette etter tur sidan 2008. Nye anbodskonkurransar vert utlyste i god tid før kontraktane går ut.

Skyss har ikkje ansvar for komersielle ruter som Flybussen eller NOR-WAY Bussekspress (Øst-VestXpressen, Haukeliekspressen, Kystbussen, Fjordekspressen, Sognebussen). Skyss har heller ikkje ansvar for togtrafikken eller for Fløibanen.