Om Bybanen og vidare utbygging

Bybanen i Bergen er eit offentleg kollektivtilbod som har vore i drift sidan 22. juni 2010. Banen byggjer på dei mange positive erfaringane med liknande transportsystem dei siste tiåra i Europa, Afrika, Asia og Nord-Amerika.

Avgjersla om å byggje ein bybane blei tatt av Bergen byråd i 2000. Det fyrste byggetrinnet på 9,8 km og 15 stoppestader går frå Bergen sentrum (Byparken) til Nesttun sentrum.

Andre byggetrinn starta i 2011 med forlenging til Lagunen og sto ferdig i juni 2013. Denne delen er om lag 3,6 km og har fem stoppestader. Tredje byggetrinn på sju kilometer går frå Lagunen til Bergen Lufthavn Flesland og var ferdig i april 2017. Strekninga har sju stoppestader, og saman med dette byggjetrinnet vart det etablert ny vognhall og verkstad på Kokstad.

Byggetrinn 4 er under arbeid. Det blir bygt ei heilt ny bybanestrekning frå Kaigaten til Fyllingsdalen terminal, som etter planen skal stå ferdig i 2022.

Les om Bybanen til Fyllingsdalen og kollektivtilbodet

Bybanen nyttar vogner frå Variobahn. Desse er levert av Stadler Pankow GmbH i Berlin, Tyskland. Vognene er toretningsvogner, 42 meter lange og har 92 sete. Den maksimale kapasiteten er 280 passasjerar, men det vi kallar den praktiske kapasiteten, altså kor mange passasjerar det normalt vil vere plass til, er lågare. Maks fart er 70 km/t. Bybanen har totalt ein vognpark på 28 vogner.

Golvet er lågt og er tilpassa haldeplassane, slik at ein kjem seg lett på og av, også med barnevogn, rullestol og bagasje.. Banen er i drift kvar dag med berre eit lite opphald midt på natta.

Skyss har planleggings- og markedsansvaretfor Bybanen. Dette omfattar planlegging av rutetider, billettar og prisar, billettsystem, marknadsføring og informasjon.

Bybanen AS er heileigd av Hordaland fylkeskommune og står for anbodsprosessar og oppfølging av operatørselskapet, for leiing, drift og vedlikehald av Bybanen sin infrastruktur og vognpark.

 

Bybanen Utbygging er ansvarleg for leiing, design og konstruksjon av den vidare utbygginga av banen.

Les mer om utbyggingen her