Om Bybanen

Skyss har ansvaret for Bybanen, det vil seie for planlegging av rutetider, billettar og prisar, billettsystem, marknadsføring og kundesenter. Bybanen i Bergen vart opna 22. juni 2010.

Køyring av Bybanen er konkurranseutsett. For perioden 22.06.2010 - 01.07.2019 er det Keolis som har kontrakt på oppdraget. Keolis er arbeidsgjevar for førarane og utarbeidar skiftplanar. 

Keolis

Bybanen sin infrastruktur, vogner og vedlikehaldsmateriell blir eigd, forvalta og heldt ved like av Bybanen AS. Bybanen AS er ansvarleg for den tekniske drifta av lystavlar og sanntidsinformasjon i vognene og på bybanehaldeplassane. Det er Hordaland fylkeskommune som eig Bybanen AS. 

Bybanen AS

Bybanen Utbygging er ansvarleg for planlegging, prosjektering og vidare utbygging av Bybanen. Bybanen Utbygging er ei eining i Hordaland fylkeskommune. 

Bybanen Utbygging

Bybanen er en del av Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø.

Faktaside om Bybanen