Om Skyss

Publisert: 03.03.2020 Oppdatert: 03.03.2020

Skyss er i samband med fylkessamanslåinga slått saman med Kringom frå 1. januar 2020. Den nye, felles mobilitetseininga har ansvar for kollektivtrafikken i Vestland fylkeskommune.

Mobilitetseininga skal sikre at vedtekne strategiar og tiltak blir sette i verk for å nå dei politiske måla. 

Skyss har ansvar for tilbodet i området Hordaland, medan Kringom har ansvaret i Sogn og Fjordane. Prisane, sonene, betalingsløysingane og rutetilbodet er uendra. 

Mobilitetseininga skal bidra til å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet og tilby tenester for kombinert mobilitet i Vestland. Hovudoppgåvene våre er å: 

  • planlegge linjenett og rutetilbod
  •  planlegge skuleruter og koordinere skuleskyss
  •  informere om og marknadsføre tilbodet
  • tildele kontraktar for køyring av buss, bybane, snøggbåt og ferjer gjennom anbodskonkurransar
  • gi kundeservice og ruteopplysning
  • vere eit samlande kompetanseorgan for kollektivtrafikk i fylket
  • utvikle kombinerte mobilitetstenester 

I 2020 skal vi arbeide med integrerte og felles løysingar for kundane i heile Vestland fylke. Til dømes jobbar vi med felles nettside og med utvikling og harmonisering av kjøpskanalar og reiseplanleggar. Vi vil også arbeide med å samordne og utvikle det samla rutetilbodet og prisstrukturen i Vestland.