Bli med i vårt kundepanel!

Meld deg på kundepanelet her

Vi treng dine synspunkt for å gjere kollektivtilbodet endå betre
Skyss har ansvar for utvikling av eit effektivt og kunderetta kollektivtrafikktilbod. For å få dette til må vi vite meir om kva du som reiser med oss meiner. Vi ønsker å få med alle typar kundar. Dei som reiser sjeldan med kollektivtransport er like viktig som dei faste reisande. Du må være 15 år eller eldre.

Bli med i dag
For å bli med i kundepanelet, ber vi om at du gir oss nokre opplysningar om deg sjølv. Klikk på knappen ovanfor for å registrere deg som medlem i panelet. Vi vil seinare invitere inn til konkrete undersøkingar.

Gjennomføring
Undersøkingane vil hovudsakleg gjennomførast via internett ved at TNS Gallup sender ut ein epost med ei lenke som gir deg tilgang til eit spørjeskjema. Av og til vil vi invitere til telefonintervju eller gruppeintervju. Du vil kunne bli invitert til undersøkingar 1-3 gongar per kvartal, og det er alltid mogleg å takke nei. Avhengig av type undersøking, vil vi gje godtgjersle. Ved webintervju trekk vi til dømes ut tre av dei som har svart som får kvar sitt gåvekort (kr 500 eller 1000 per gåvekort), mens vi ved gruppeintervju gjev godtgjersle til kvar deltakar. 

Anonymitet
Det er TNS Gallup som har det faglege ansvaret for opprettinga av kundepanelet og gjennomføringa av undersøkinga, og som garanterer for din anonymitet. TNS Gallup personvernreglar