Hopp til hovedinnald


Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere deg. Under finn du meir informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysningane dine og kva rettar du har overfor Skyss.

Føremål

Skyss behandlar opplysningane for å kunne levere tenesta bestillingstransport på Tertnes.

Grunnlag for behandling

Skyss må ha eit rettsleg grunnlag for å behandle personopplysningane dine.

Det er nødvendig å behandle personopplysningane dine for å oppfylle tenesteavtalen som blir inngått mellom deg og Skyss når du tek i bruk applikasjonen «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no og godtek avtalevilkåra, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 b).

Det er frivillig å ta i bruk applikasjonen «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no.

Kva personopplysingar behandlar Skyss?

Når du bruker applikasjonen «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no, behandlar vi følgjande personopplysningar om deg:

Mobilnummer
For å kunne nytte applikasjonen må du ha ein brukarprofil. Når du opprettar denne, blir du bedt om å registrere mobilnummeret ditt og opprette eit passord. Dette er nødvendig for at Skyss skal kunne tilby tenesta med sikker og verifisert innlogging. Mobilnummeret er òg nødvendig for å sikre at du kan få tilgang til aktive reiser eller historikk over tidlegare reiser dersom du skulle miste mobilen din. Mobilnummeret utgjer den unike brukaridentifikasjonen til applikasjonen og er, saman med namn, dei einaste obligatoriske personopplysningane i brukarprofilen.

Namn
Du må også leggje inn namn i applikasjonenNamnet treng vi for at sjåføren skal kunne sjekke at rett person blir henta.

E-postadresse
Det er valfritt å leggje inn e-postadresser i applikasjonen. Ei e-postadresse er berre nødvendig dersom du ønskjer å kunne kommunisere med oss via e-post.

Informasjon om betalingsmiddel
Betaling av bestilte turar i applikasjonen er ikkje aktivert enno. Det er derfor ikkje mogleg å leggje inn opplysningar om bankkort, sjølv om alternativet «Betaling» finst i menyen. Passasjerane betaler om bord i bussen eller gjennom dei vanlege betalingskanalane som Skyss tilbyr.

Teknisk informasjon
Når du nyttar applikasjonen, blir IP-adressa di, tidspunkt for førespurnaden, informasjon om nettlesar/mobiltelefon pluss versjonsnummer og mobilplattform for applikasjonen – derimellom kva språk som er valt – loggført i ein applikasjonslogg. Desse opplysningane er nødvendige for at løysinga skal kunne fungere på plattforma/mobiltelefonen, og blir loggførte for å sikre at tenesta fungerer korrekt. Dette gir oss òg informasjon som er nødvendig for å løyse problem dersom det skulle oppstå feil.

Applikasjonen nyttar analyseverktøyet Google Analytics for å kartleggje og loggføre handlingsmønstera til brukarar som ikkje kan identifiserast.

Reiseinformasjon 
Når du aksepterer at applikasjonen «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no får tilgang til GPS på telefonen din, blir posisjonsdata nytta til å gi sjåføren informasjon om kvar du skal reise. Sjåføren får vite fornamn, hentestad og reisemål. Reiseinformasjon for ei bestilt reise i applikasjonen blir vidareformidla til eit administrasjonssystem, slik at kundeservicemedarbeidarar i Skyss kan hjelpe dersom turen ikkje går som avtalt.

Informasjonskapslar

Applikasjonen nyttar informasjonskapslar, men det er ikkje eit krav for å kunne nytte «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no at du har informasjonskapslar (cookies) aktivert i nettlesaren. Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskinen din når du lastar ned ei nettside, og som er nødvendige for at innlogging, navigasjon og funksjonar på nettstaden skal fungere smidig.

Vi gjer merksam på at det aldri blir lagra informasjon gjennom bruken av informasjonskapslar som kan identifisere deg personleg. Det er mogleg å endre innstillingar i nettlesaren for å hindre nettstaden i å bruke informasjonskapslar. Dersom du vel å blokkere informasjonskapslar, vil du oppleve problem med at du blir logga ut. Grunnen til dette er at det blir brukt informasjonskapslar for å halde deg innlogga fram til du aktivt loggar deg ut att eller du har vore inaktiv for lenge.

Statistikk

Opplysningar som blir brukte til statistikk og analyse, er anonymisert og kan såleis ikkje knytast til deg. Skyss pliktar å levere trafikktal til statlege og kommunale styresmakter, jf. statistikklova § 2-2 og kommunelova § 49. Vi bruker òg statistikk til å forbetre og vidareutvikle tenestetilbodet til kundane våre. Statistikken kan gi svar på mellom anna kor mange som reiser med bussen i eit gitt tidsrom. 

Kjelder til personopplysning

Alle personopplysningar som blir behandla i samband med «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no, er lagde inn eller genererte av deg. Skyss hentar ikkje inn personopplysningar frå tredjepartar. 

Databehandlar

«Skyss Bestilling» og web-applikasjonen bestilling.skyss.no av Spare Labs i samarbeid med operatør Bergen Taxi (databehandlar). Spare Labs og Bergen Taxi behandlar personopplysningane dine på vegner av Skyss, og dette er regulert i ein eigen databehandlaravtale. Databehandlaravtalen sikrar at Spare Labs og Bergen Taxi behandlar alle personopplysningar i samsvar med denne personvernerklæringa. 

Spare Labs nyttar følgande underleverandørar for å levere tenestene på vegner av Skyss som omtalt over:

- Aiven LTD: skylagring av administrasjonssystem

- Google LLC (GCP): skylagring, nettverk og fysisk sikring av utstyr

- Amazon Web Services (AWS): skylagring, nettverk og fysisk sikring av utstyr

- Intercom: anonymiserte brukardata frå digital teneste (skal bytast ut med Zendesk)

- Functional Software, Inc (Sentry): registrering av systemfeil

- MessageBird: SMS-utsending og IP-telefoni mellom sjåfør og passasjer

- Sendgrid: utsending av e-post

Billettkontrollar blir gjennomførte av Securitas på vegner av Skyss. Det er inngått ein eigen databehandlaravtale med Securitas. Du kan lese meir om personopplysningane som blir behandla om deg i samband med billettkontrollar, her.

Utlevering tredjepartar

Skyss utleverer ikkje personopplysningane dine til tredjepartar anna enn på rettsleg grunnlag, til dømes ved rettsavgjerd eller skriftleg ordre frå påtalemakta.

Anonymisert reisehistorikk kan bli brukt til statistiske føremål. Anonymiserte data blir ikkje rekna som personopplysningar.

Lagring og sletting

Alle data som blir lagra i administrasjonssystemet, blir oppbevarte i samsvar med gjeldande lov. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn det som er nødvendig for å levere tenesta som blir tilbydd i appen Skyss Bestilling og webtenesta skyss.no/bestilling.

Både Skyss og Spare Labs/Bergen Taxi har etablert informasjonstryggleikstiltak og interne rutinar for å sikre at personopplysningar ikkje kjem på avvegar eller blir nytta til andre føremål enn som opplyst i denne personvernerklæringa.

Profilinformasjon

Profilinformasjonen din blir oppbevart så lenge du som kunde har eit aktivt avtaleforhold. Du kan når som helst be om at brukarkontoen din blir sletta frå applikasjonen «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no. Du vil då måtte registrere deg på nytt dersom du ønskjer å bruke applikasjonen ved eit seinare høve. Mobilnummeret ditt blir verifisert første gong du loggar inn på ei ny eining. Dersom du har lagt inn andre personopplysningar i «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no, kan du til ei kvar tid redigere desse under «Innstillingar» i profilen din.  

Teknisk informasjon og applikasjonslogg

Ulike delar av applikasjonsloggen blir oppbevarte lenge nok til å sikre at tenesta fungerer slik ho skal, og at du som kunde får servicen du har krav på. I samband med til dømes klagesaker som går på feil i tenesta, kan oppbevaringstida for den relevante applikasjonsloggen forlengjast fram til klaga er ferdigbehandla.

Tryggleik

All kommunikasjon mellom løysninga og applikasjonane på telefonen din er kryptert. Det same gjeld all tilgang til systemet via nett, og all dataoverføring internt mellom ulike komponentar i systemet. Ekstern datatilgang er kryptert og sikra med tilgangsnøklar. Tilgangen til data via administrasjonssystemet er rollestyrt og personleg, og kan sporast gjennom hendingslogging. Administrasjonsgrensesnittet for løysinga er utforma med ulike tilgangsnivå. Personar som treng tilgang hos Skyss eller Spare Labs/Bergen Taxi, vil såleis berre ha innsyn i informasjonen dei faktisk har behov for.

Rettane dine overfor Skyss

Du kan få innsyn i, korrigert eller sletta alle personopplysningar du sjølv har lagt inn i brukarprofilen i «Skyss Bestilling» / web-applikasjonen bestilling.skyss.no. Dette gjerast via innstillingar i applikasjonen.

Retten til innsyn
Du kan be om innsyn i personopplysningane som Skyss har registrert om deg. 

Retten til korrigering
Du kan be om at personopplysningar som er ufullstendige eller ikkje stemmer, blir retta eller supplerte.

Retten til sletting
Du kan be Skyss om å slette personopplysningane dine dersom visse vilkår er oppfylte. Dette gjeld til dømes dersom Skyss har behandla personopplysningane dine på ulovleg vis eller lenger enn nødvendig.

Retten til avgrensa behandling
Du kan krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa dersom du meiner at dei er feil, at behandlinga ikkje er lovleg eller nødvendig, eller dersom du har reist innvendingar mot behandlinga og Skyss har teke desse til følgje.

Behandlinga blir avgrensa straks innvendingane er mottekne og fram til Skyss har vurdert dei. Dersom behandlinga skal avgrensast, har Skyss berre lov til å lagre dei avgrensa personopplysningane, og treng samtykke frå deg til anna behandling. Dette gjeld med mindre Skyss må behandle personopplysningane i samband med juridiske saker, for å verne rettane til andre eller dersom behandlinga er av offentleg interesse.

Retten til å protestere
Du kan reise innvendingar mot behandlinga av personopplysningane dine dersom du meiner at Skyss ikkje har rett til å behandle personopplysningane dine. I slike tilfelle kan Skyss berre halde fram med behandlinga dersom selskapet kan vise til rettkomen interesse som veg tyngre enn interessene, rettane og fridomane dine. Skyss kan uansett behandle personopplysningane dine dersom det er lovpålagt eller nødvendig for å slå fast, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav.

Retten til dataportabilitet
Du kan be om at personopplysningane du har oppgitt til Skyss for behandling på grunnlag av samtykke eller for å oppfylle ein kontrakt du er part i, blir sende til deg i eit strukturert, vanleg format som kan lesast av maskinelt. Du har òg rett til å be om at Skyss overfører slik informasjon til ein annan behandlingsansvarleg.

Retten til å klage til Datatilsynet
Dersom du er misnøgd med svaret frå Skyss eller meiner at Skyss behandlar opplysningane dine i strid med personvernregelverket, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om klageprosedyren finn du her.

Kontaktinformasjon

Bruk kontaktskjemaet her dersom du har spørsmål om behandling av personopplysningar hos Skyss, du ønskjer å få innsyn i, korrigert eller sletta personopplysningane dine, eller du ønskjer å be om avgrensa behandling eller dataportabilitet.

 

 

 

Publisert:

Oppdatert: