Hopp til hovedinnald

Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere deg. Under finn du meir informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysningane dine og kva rettar du har overfor Skyss.

Føremål

Skyss behandlar personopplysningane dine for å kunne gjere og gjennomføre vedtak om skoleskyss etter opplæringslova.

Grunnlag for behandling
Skyss må behandle opplysningane for å kunne gjere og gjennomføre vedtak etter opplæringslova, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e) og 9 nr. 2 g).

Kva for personopplysningar behandlar Skyss?

Generelt
I samband med behandling av søknader om og gjennomføringa av skoleskyss behandlar Skyss desse personopplysningane, som blir samla inn av skolen eller kommunen din:

Namn, fødselsnummer, fødselsdato, telefonnummer (til eleven eller dei føresette), adresse, tilleggsadresse ved delt bustad, haldeplass, skole, klasse, timeplan, søknadsgrunn, transporttype, transportperiode, nummeret på skolekortet, og i nokre tilfelle informasjon om tidspunkta for henting og levering.

Mellombels medisinsk skoleskyss
I tillegg til dei personopplysningane som er nemnde under punktet «generelt», behandlar Skyss òg informasjon og dokumentasjon/legeerklæringar om årsaka til at det er innvilga mellombels skoleskyss, til dømes at eleven har brote foten.

Varig medisinsk skoleskyss
I tilfelle der skoleskyss blir innvilga på grunn av varige medisinske årsaker behandlar Skyss òg legeerklæring og informasjon om nødvendige hjelpemiddel.

Avlastingsvedtak
Dersom det har blitt gjort vedtak om avlastning, behandlar Skyss dei personopplysningane som går fram av avlastingsvedtaket og adressa til avlastingsheimen.

Refusjon av transportkostnader for privat skoleskyss
I samband med refusjon av transportkostnader for privat skoleskyss behandlar Skyss namn, adresse, fødselsnummer, bilregistreringsnummer, kontonummer og dokumentasjon for gjennomført transport og kostnader. 

Kjelder til personopplysningar

Alle personopplysningane som blir behandla i samband med tilbod om skoleskyss, er innhenta frå skolen eller kommunen som søkjer om skoleskyss på dine vegner.

Databehandlarar

Skyss brukar databehandlarar til å samle inn, lagre eller på anna vis behandle personopplysningar på våre vegner. I slike tilfelle inngår Skyss avtaler med databehandlaren som sikrar at opplysningane blir behandla i samsvar med personvernregelverket. Døme på databehandlarar er leverandørar av IT-system som blir nytta av skolane for å søkje om skoleskyss og av transportselskapa som hentar og bringer elevar som har krav på tilrettelagd skoleskyss.

Utlevering til tredjepartar

Skyss utleverer ikkje personopplysningane dine til tredjepartar med mindre offentlege styresmakter pålegg oss å gjere det. 

Tilgang til personopplysningar

Personopplysningar som blir behandla om deg, vil vere tilgjengelege for personell som treng opplysningane i tenesta hos skolen din, Skyss og transportselskapa som hentar og bringer elevar som har krav på tilrettelagd skoleskyss.

I tilfelle klager på enkeltvedtak vil personopplysningar bli sende vidare til klageorganet.

Lagring og sletting

Alle data blir lagra i Noreg. Serverane blir drifta av personell i Noreg og Danmark. Alle dataa vi lagrar, blir oppbevarte i samsvar med den gjeldande lovgjevinga. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn det som er nødvendig for å oppnå føremålet med behandlinga av personopplysningane. 

Personopplysningar som blir behandla i samband med søknader om og gjennomføring av skoleskyss, blir lagra så lenge den registrerte personen har krav på skoleskyss. Personopplysningane om deg vil bli lagra i opp til eitt år etter at du ikkje har rett til skoleskyss lenger.  

Alle personopplysningar som blir behandla i samband med utbetaling av refusjon for transportkostnader ved privat skyss, blir oppbevarte i fem år etter slutten på rekneskapsåret, jf. bokføringslova § 13 med tilhøyrande forskrift.

Personopplysningar som blir behandla i samband med klager og avslag på søknader, blir lagra i samsvar med offentleglova og arkivlova. 

Tryggleik

Skyss har implementert informasjonstryggleikstiltak og interne rutinar for å verifisere at ingen personopplysningar kjem på avvegar eller blir brukte til andre føremål enn dei det er opplyst om i denne personvernerklæringa.

Rettane dine overfor Skyss

Retten til innsyn
Du kan be om innsyn i personopplysningane som Skyss behandlar om deg.

Retten til retting
Du kan be om at personopplysningar som er galne eller ufullstendige, blir retta eller supplerte.

Retten til sletting
Du kan be Skyss om å slette personopplysningane dine, til dømes dersom Skyss har behandla personopplysningane dine på ulovleg vis eller lenger enn nødvendig.

Retten til avgrensa behandling
Du kan krevje at behandlinga av personopplysningane dine blir avgrensa dersom du ikkje godtek at dei er rette, at behandlinga er lovleg eller nødvendig, eller dersom du har protestert mot behandlinga og Skyss har godteke protesten.

Behandlinga blir avgrensa frå protesten er levert og så lenge som det tek Skyss å vurdere protesten. Dersom behandlinga skal avgrensast, har Skyss berre lov til å lagre dei avgrensa personopplysningane og treng ditt samtykke til anna behandling. Dette gjeld med mindre Skyss må behandle personopplysningane i samband med juridiske saker, for å verne andre sine rettar eller dersom behandlinga er av offentleg interesse.

Retten til å protestere
Du kan protestere mot behandlinga av personopplysningane dine dersom du meiner at Skyss ikkje har rett til å behandle personopplysningane dine. I slike tilfelle kan Skyss berre halde fram med behandlinga dersom Skyss kan vise til rettkomen interesse som veg tyngre enn interessene, rettane og fridomane dine. Skyss kan uansett behandle personopplysningane dine dersom slik behandling er lovpålagd eller nødvendig for å fastsetje, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav.

Retten til å klage til Datatilsynet
Dersom du er misnøgd med Skyss sitt svar eller meiner at Skyss behandlar opplysningane dine i strid med personvernregelverket, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om klageprosedyren finn du her.

Kontaktinformasjon

Bruk kontaktskjemaet her dersom du har spørsmål om Skyss si behandling av personopplysningane dine eller du vil be om innsyn, retting, sletting eller avgrensa behandling.

Publisert:

Oppdatert: