Hopp til hovedinnald

Personopplysingar er alle opplysingar som kan identifisere deg. Under følgjer nærare informasjon om Skyss si handsaming av personopplysingane dine, og informasjon om kva rettar du har overfor Skyss.

Føremål

Føremålet med handsaminga av personopplysingar er at Skyss skal kunne handsame kundeførespurnaden din.

Handsamingsgrunnlag

Skyss må ha eit rettsleg grunnlag for å handsame personopplysingane dine i samband med ein kundeførespurnad.

Det rettslege grunnlaget er avtalen med deg som kunde jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 b).

Kva personopplysingar handsamar Skyss?

Dersom du tek kontakt med Skyss via kontaktskjema på skyss.no, e-post, brev eller telefon, kan følgjande personopplysingar verte handsama:

Kundeopplysingar som namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, ev. postadresse, kontonummer (ved refusjon) og førespurnaden din.

I den grad det er relevant for saka, vil også ID-nummeret på Skysskortet ditt, reiseopplysingar og/eller salsopplysingar kunne verte handsama. Med reiseopplysingar meiner ein t.d. kva soner du har reist i, kva billettype du har brukt, osb. Med salsopplysingar meiner ein opplysingar frå salet av ein billett, påfylling, beløpet som er betalt, osb.

Kjelder til personopplysingar

Alle personopplysingar som vert handsama i samband med førespurnaden din til Kundeservice, er innhenta frå deg.         

Utlevering til tredjepartar

Skyss utleverer ikkje personopplysingane dine til ein tredjepart med mindre det finst rettsleg grunnlag for slik utlevering, til dømes ein orskurd eller skriftleg ordre frå påtalemyndigheitene.  

Tilgang til personopplysingar/datahandsamar

Dei av dine personopplysingar som vert handsama, vil vere tilgjengelege for autorisert personell med tenestleg behov hos Skyss.

Skyss brukar òg datahandsamarar til å samle inn, lagre og på annan måte handsame personopplysingar på Skyss sine vegner. I slike tilfelle inngår Skyss datahandsamaravtalar som sikrar at personopplysingane dine vert handsama i samsvar med personvernregelverket. Døme på datahandsamar er leverandør av forvaltingsteneste av Skyss si nettside/kontaktskjema.

Lagring og sletting

Opplysingane vert handsama så lenge du som kunde har høve til å klage til Transportklagenemnda. Kundeopplysingar og skildring av førespurnaden din vert lagra i kundeservice sitt kundeoppfølgingssystem i 365 dagar etter siste aktivitet i saka. Etter 365 dagar vert førespurnaden din sletta og/eller anonymisert.

Skyss lagrar ikkje informasjon om deg dersom du tek kontakt med oss via sosiale medium.

Alle data som vert lagra av Skyss, vert lagra innanfor EU/EØS.

Sikkerheit

Skyss har implementert informasjonssikkerheitstiltak og interne rutinar for å verifisere at ingen personopplysingar kjem på avvegar eller vert nytta til andre føremål enn dei som er skildra i denne personvernerklæringa.

Dine rettar overfor Skyss

Du har rett til å verte informert om Skyss si handsaming av personopplysingane dine. Denne personvernerklæringa er difor alltid tilgjengeleg på heimesida vår.

Rett til innsyn
Du kan be om informasjon om korleis Skyss handsamar personopplysingane dine, inkludert informasjon om kvifor Skyss handsamar personopplysingane dine, kvar vi har henta personopplysingane frå, kva kategoriar av personopplysingar Skyss handsamar, kven Skyss utleverer personopplysingane til og kor lenge Skyss lagrar personopplysingane dine.

All ovannemnd informasjon finn du her i denne personvernerklæringa. Du kan òg be om kopi av personopplysingane som Skyss handsamar om deg.

Rett til korrigering
Du kan be om at ukorrekte eller ufullstendige personopplysingar vert korrigerte eller supplerte.

Rett til sletting
Du kan be om at Skyss slettar personopplysingane dine dersom nærare vilkår er oppfylt, til dømes dersom Skyss har handsama personopplysingane dine på ein ulovleg måte eller lenger enn nødvendig.

Rett til avgrensa handsaming
Du kan krevje at handsaminga av personopplysingane dine vert avgrensa dersom du meiner at personopplysingane er ukorrekte, at handsaminga ikkje er lovleg eller nødvendig, eller dersom du har protestert mot handsaminga og Skyss har teke protesten til følgje.

Handsaminga vert avgrensa frå innvendinga er innsend og i den perioden det tek Skyss å vurdere innvendinga. Dersom handsaminga skal avgrensast, har Skyss berre lov til å lagre dei avgrensa personopplysingane, og anna handsaming kan berre skje med ditt samtykke. Dette gjeld med mindre Skyss må handsame personopplysingane i samband med juridiske forhold, for å beskytte rettane til andre, eller dersom offentlegheita har interesse av handsaminga.

Rett til å protestere
Du kan protestere mot handsaminga av personopplysingane dine dersom du meiner at Skyss ikkje har rett til å handsame personopplysingane dine. I slike tilfelle kan Skyss berre fortsette handsaminga dersom Skyss kan vise til ei rimeleg interesse som veg tyngre enn dine interesser, rettar og fridomar. Personopplysingane kan uansett verte handsama dersom Skyss er lovpålagt slik handsaming, eller dersom handsaming er nødvendig for å fastsette, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav.

Rett til dataportabilitet
Du kan be om at personopplysingar som du har overlevert til Skyss for handsaming basert på ditt samtykke eller for å oppfylle ein kontrakt du er part i, vert sende til deg i eit strukturert, vanleg og maskinleseleg format. Du har òg rett til å be om at Skyss overfører slik informasjon til ein annan handsamingsansvarleg.

Rett til å klage til Datatilsynet
Dersom du er misnøgd med Skyss sitt svar, eller du meiner at Skyss handsamar personopplysingane dine i strid med personvernregelverket, kan du klage til Datatilsynet. Informasjon om klageprosedyren finn du her.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål knytte til Skyss si handsaming av personopplysingane dine, eller du ønskjer innsyn, korrigering, sletting, avgrensa handsaming eller dataportabilitet, bruk kontaktskjemaet her.

Publisert:

Oppdatert: