Hopp til hovedinnald

Personopplysningar er alle opplysningar som kan identifisere deg. Under finn du meir informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysningane dine og kva rettar du har overfor Skyss.

Dersom du bestiller transport gjennom hentetenesta HentMeg, treng vi nokre personopplysningar av deg for å levere tenesta og sørge for at du får tilstrekkeleg informasjon om leveransen.

Føremål

Skyss behandlar opplysningane for å kunne levere tenesten HentMeg.

Kva for personopplysningar behandlar Skyss?

Kundeopplysningar
Dette er kontaktdata som namn og mobiltelefonnummer. Namnet treng vi for at sjåføren skal kunne sjekke at rett person blir henta, og mobiltelefonnummeret treng vi for å gi deg informasjon om reisa kort tid før avgang.

Reiseopplysningar
Du fyller ut kor du skal reise frå og til og når du skal reise når du bestiller reise på www.skyss.no/hentmeg

Tilgang til personopplysningar

Tilgangen til personopplysningane er avgrensa og blir berre brukt i samband med levering av tenesten HentMeg.

Vår leverandør av markedsundersøkingar kan i tillegg ta kontakt med deg som brukar for å evaluere tenesten.

Opplysningane dine blir ikkje utlevert så lenge vi ikkje blir pålagde det av offentlege myndigheiter, men statistiske og anonymiserte reiseopplysningar kan bli brukt til å kartlegge bruk av tenesten. Desse dataa vil ikkje kunne bli knytta til deg.

Lagring og sletting

Personopplysningane om deg blir lagra i 100 dagar fra bestillinga er gjennomført. Reiseopplysningene blir slettet 100 dager etter at reisa er gjennomført, og ein brukar blir sletta om ein er inaktiv i 100 dagar i strekk. Du har rett til innsyn i og retting eller sletting av opplysningar som er lagra om deg.

Informasjonskapsler

HentMeg nytter informasjonskapslar for å anonymisert analysere korleis du bruker www.hentmeg.no. 

Publisert:

Oppdatert: