Linje 471: Endra trasé grunna stengd veg

Published: 1/9/2019 Changed: 1/9/2019

Frå og med 14. januar vert Landrodalen stengd for gjennomkøyring. Dette gjer at fleire turar på linje 471 får forlenga trasé noko som vil gje forseinkingar på enkelte turar. 

Følgjande haldeplasser vert ikkje betent:

  • Landro kyrkje - alternativ haldeplass Landro skule
  • Vindenesvegen, Landrovågen - alternativ haldeplass Vindenes kryss. 

Landrodalen vil vere stengd for gjennomkøyring inntil vidare.