Linje 925/930: Endra trasé på kveld 16. - 20. og 23. - 26. april

Published: 4/13/2018 12:40:31 PM Changed: 4/19/2018 5:04:53 PM

Frå måndag 16. til og med torsdag 19. april og frå måndag 23. til og med onsdag 25. april til vert Fossgjeltunnelen på fv. 7 stengt på kveld og natt frå kl. 20:00 til 06:00 (neste dag) på grunn av vegarbeid. Bussar i rute på linje 925/930 vil få omkøyring via Mundheim i tidsrommet. Dette vil medføre store forseinkingar og strekninga Kvamskogen - Norheimsund vert ikkje betent. Dette medfører òg endringar for fleire korrespondansar. Følgjande avgangar vert berørt:

Endringar for linje 925 (sjå traseane ved å klikke i kartet under)

  • Frå Bergen busstasjon kl. 19:25 Endra trasé via Eikelandsosen og Mundheim. Transport mellom Tysse og Kvamskogen dersom passasjerar. Strekninga Kvamskogen - Norheimsund vert ikkje betent. Store forseinkingar må påreknast og korrespondanse vidare til Voss vert ikkje holdt. 
  • Frå Bergen busstasjon kl. 20:55 Endra trasé via Eikelandsosen og Mundheim. Transport mellom Tysse og Kvamskogen dersom passasjerar. Strekninga Kvamskogen - Norheimsund vert ikkje betent. Forseinkingar må påreknast.
  • Frå Arna terminal kl. 23:20 Avgang forseinka med ca. 15 min (23:35). Endra trasé via Eikelandsosen og Mundheim. Det vert ordna med transport mellom Tysse og Kvamskogen dersom passasjerar. Strekninga Kvamskogen - Norheimsund vert ikkje betent. Svært forseinka ankomst Norheimsund/Øystese.
  • Frå Øystese kl. 21:55 (NB! Ny starttid) Startar i Øystese kl. 21:25 og Norheimsund kl. 21:35. Endra trasé via Eikelandsosen og Mundheim. Det vert korrespondanse med linje 930 i Tørvikbygd og Mundheim. Strekninga Kvamskogen - Norheimsund vert ikkje betent. Forseinkingar må påreknast (Tog vidare til Bergen kl. 23:50).

Endringar for linje 930 (sjå traseane ved å klikke i kartet under)

  • Frå Bergen busstasjon kl. 20:55 Endra trasé via Eikelandsosen - Mundheim - Gjermundshamn - Årsnes (ferje). Strekninga Bjørkheim - Norheimsund - Tørvikbygd - Jondal (ferje) - Austrepollen vert ikkje betent. Forseinkingar må påreknast.
  • Frå Seljestad kl. 20:05 Endra trasé via Mundheim - Eikelandsosen. Korrespondanse i Tørvikbygd kl. 21:50 for reisande til Norheimsund. Strekninga Norheimsund - Bjørkheim ikkje betent. Forseinkingar må påreknast