Oppgradering av haldeplassar i Solheimslien og Fyllingsdalen

Published: 11/3/2017 2:54:21 PM Changed: 11/3/2017 3:49:27 PM

Linje 10: Oppgradering av haldeplassar 
Måndag 6. november starta Bergen kommune arbeidet med å oppgradera tolv haldeplasser i traseen til linje 10. Haldeplassane som skal oppgraderast ligg mellom Mindeveien og Gyldenpris. Alle haldeplassane som vert stengt for oppgradering vert erstatta av mellombels haldeplass rett i nærleiken medan arbeidet pågår.

Ytterlegare informasjon om arbeidet finn du hos Bergen kommune

 

Linje 15 og 19: Oppgradering av haldeplassar
Statens vegvesen vil i ein periode framover også oppgradera haldeplassar i C. J. Hambros vei og J. L. Mowinckels vei i Fyllingsdalen. Haldeplassene som oppgraderast ligg i traseeane til linje 15 og linje 19,  mellom Bråtet og Sikthaugen. Alle haldeplassene som blir stengt for oppgradering blir erstatta av mellombels haldeplass like ved ordinær holdeplass.

Arbeidet er ein del av Bergensprogrammet