Service messages are not translated into English. Please contact our customer service if you have any questions.

Active messages

  • 945, 950, 964 Endringar i Trygt Heim-tilbodet frå 31. juli


    Frå og med natt til laurdag 31. juli endrar vi Trygt Heim-ruta frå Voss, med avgangstid kl. 00:45 til ny avgangstid kl. 02:45. 

    Reiseplanleggaren kan vise gammal avgangstid, og vi gjer oppmerksom på at denne er endra. 

    Valid to: inntil vidare

    Sist oppdatert: 27.07.21 12.26

  • 11 Endra trasé frå 19. juli

    Haugeveien opnar att etter langvarig vegarbeid og linje 11 vil igjen køyre om Haugeveien til Nordnes frå måndag 19. juli.

    Følgande haldeplasser vil igjen bli betent i retning Nordnes:

    • Olav Kyrres gate J
    • Veiten
    • Klosteret
    • Fredriksberg
    • Nordnes skole
    • Sjøfarendes Aldershjem
    • Akvariet
    • Tollbodsallmenningen

    Følgande haldeplasser vil bli betent i retning Starefossen: 

    • Tollbodallsmenningen 
    • Holbergsallmenningen
    • Strandgaten

    linja vil betene haldeplassar på strekninga Småstrandgaten - Starefossen i begge retningar som normalt. 

    Valid to: inntil vidare

    Sist oppdatert: 01.08.21 08.30

  • 2078 Austevollruta: Stor passasjerpågang fredag og søndag

    Vi opplever særskilt stor passasjerpågang på avgang kl. 17.02 frå Hufthamar fredagar og kl.16.05 frå Bekkjarvik søndagar. Vi oppfordrar alle som har moglegheit til å nytta andre avgangar.

    Avgangstider finn du i reiseplanleggaren eller i rutetabell på skyss.no.

    Valid to: inntil vidare

    Sist oppdatert: 01.08.21 08.30

  • 1 Redusert frekvens i sommar og ekstra buss

    Frå 19. juni til og med 8. august skal det utførast sporarbeid på Kronstad i samband med utbygging av ny linje 2 Bergen sentrum – Haukeland sjukehus - Fyllingsdalen. I denne perioden vil Bybanen køyre med redusert frekvens i rushtid, ca. 10 minutts frekvens på heile strekninga mellom Bergen sentrum og Bergen lufthavn. 

    Reisande til og frå Kronstad må vere merksam på at Bybanen på dette strekket i periodar vil køyre i motsatt spor enn vanleg grunna at Bybanen kun kan køyre i eine sporet. Reisande må berekne litt ekstra tid når dei skal ut og reise med Bybanen i sommar, spesielt på dei dagane vi har buss for bane (19. juni, 11. juli og 8. august). 

    Ekstra buss mellom Wergeland og Festplassen:

    For å avlaste Bybanen i ettermiddagsrush, set vi inn ekstra bussar følgjande dagar kl. 13.00 - 18.00 mellom Wergeland og Festplassen:

    • 21. - 25. juni
    • 28. juni - 2. juli
    • 2. - 6. august

    Ekstra bussane mellom Wergeland og Festplassen har følgjande trasé: 

    • Frå Festplassen: Festplassen N - Bergen busstasjon R - Nygård - Florida - Danmarks plass - Reperbanen - Wergeland D
    • Frå Wergeland: Wergeland C - Brann stadion - Kronstad - Årstad vgs. - Florida - Nygård - Bergen busstasjon U - Festplassen N

     Frekvens: ca. kvart 15. minutt

    Dei ekstra bussane vil vere skilta Ekstrabuss Wergeland og Ekstrabuss sentrum.

     

    Ekstra buss mellom Lagunen og Festplassen uke 31: 
    Frå måndag 2. t.o.m. fredag 6. august er det óg satt inn ekstra busser mellom Lagunen og Festplassen i tidsrommet  14.30-16.45.

    Ekstrabuss mellom Lagunen og Festplassen har følgjande trasé:

    • Frå Festplassen: Festplassen N - Bergen busstasjon R -
      Lagunen K

    • Frå Lagunen: Lagunen K - Bergen busstasjon U - Festplassen N

    Frekvens: Ca. kvart 15. minutt 

    Dei ekstra bussane vil vere skilta Ekstrabuss sentrum og Ekstrabuss Lagunen.

    Valid to: 08.08.21 23.59

    Sist oppdatert: 22.06.21 10.01

  • Haldeplassen Søråsbrotet stengd frå 21. juni

    Haldeplassen Søråsbrotet mellombels stengd frå måndag 21. juni grunna vegarbeid. Alternativ haldeplass er Kilden senter ca. 400 meter nord for haldeplassen. Det er venta at haldeplassen vil opna i starten av 2022.

    Valid to: inntil vidare

    Sist oppdatert: 01.08.21 08.30

  • 952, 957, 959 Anna trasé grunna vegarbeid til 31. august

    Grunna vegarbeid ved Rekve bru vil Rekvesvegen vera stengd for gjennomkøyring i perioden 31. mai til 31. august.

    Haldeplassane Bulken aust, Sandneset, Rekve fv. 312, Rekve bru, Bulken skule, Bø fv. 312 og Djukastein fv. 312 vert ikkje betjent grunna omkøyring via E16.

    Skuleturar: Skulebuss til Bulken skule vil køyre opp/ned Rekvesvegen ved Djukastein for å betjene skulen.

    Valid to: 01.09.21 02.00

    Sist oppdatert: 01.08.21 08.30

  • 6, 20, 403 Haldeplass Holen flytta

    Haldeplassen Holen, i retning mot sentrum, er flytta ca. 150 m lenger ut på Laksevåg. Haldeplassen er flytta mellombels som følgje av anleggsarbeidet i området. 

    Valid to: inntil vidare

    Sist oppdatert: 01.08.21 08.30

  • 23, 23E, 50E, 54, 55 Haldeplass Stølshaugen stengd

    Grunna vegarbeid vil haldeplassane Stølshaugen, i begge retningar, vere stengd til ca 4. desember 2021.
    Alternativ haldeplass er Sandslihaugen.

    Valid to: inntil vidare

    Sist oppdatert: 01.08.21 08.30

  • 654, 671, 678 Haldeplass Førlandskrysset E39 stengd

    Bussar på linje 654, 671 og 678 mot Rommetveit/Leirvik vil ikkje betene haldeplassen Førlandskrysset E39 i sørgåande retning inntil vidare. Haldeplassen er stengd for desse linjene på grunn av trafikksikkerheit.

    Valid to: inntil vidare

    Sist oppdatert: 01.08.21 08.30

Closed messages